Rundtur: Frå Åmot til Dalen, Eidsborg & Høydalsmo

Ein fin rundtur med bil eller for dei spreke på sykkel, rundturen er ca 77km lang.
Vest-Telemark museum Eidsborg

Rundtur: Frå Åmot til Dalen, Eidsborg & Høydalsmo

Ein fin rundtur med bil eller for dei spreke på sykkel, rundturen er ca 77km lang.

Dette er ein fin rundtur med moglegheten for fleire stopp. Følg E-134 mot Høydalsmo, køyr ca 4km, ta til høgre og følg skiltet Ravnjuv.

Naturfenomenet Ravnejuv er eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi. Slepp eit blad utfor – og sjå om det kjem att på ein oppgåande luftstraum! Les meir om Ravnejuv: http://telemarkshistorier.no/natur/ravnejuv-en-luftig-turistattraksjon/

Eidborg Stavkyrkje - Henrik Dvergsdal / Visit Dalen
Eidborg Stavkyrkje - Henrik Dvergsdal / Visit Dalen

Etter ein luftig stopp ved Ravnejuv, på vegen vidare mot Dalen har du også moglegheita til ein stopp hjå Telemarkssylv. Der kan du møte Ingrid i smia. Ho lagar i hovudsak bunadssylv, men også smykke av ulike slag. Handgravering på ulike metall er eit varemerke for den vesle smia

Så gjeng køyreturen vidare til Dalen. Her kan du vandre i hagen ved det herskaplege Dalen Hotel og den verdskjende badstova Soria Moria, gullblenkjande i enden av Bandak. Ein stopp ved Dalen brygge kan også tilrådast. Her legg kanalbåten til kai i sommarsesongen, og galleriet og kafeen held ope. Dalen har også flotte nisjebutikkar som absolutt er verd eit besøk.

I Eidsborgberget krabbar du deg opp bratte lier med krappe svingar. Etter om lag 6 km vil du på venstre side få auge på landets minste stavkyrkje. Her ligg også Vest-Telemark Museet, kor du mellom anna kan

oppleve Telemarkskanalen i miniatyr. Her er også kafé med god heimelaga middag, om ikkje isen på Dalen var nok.

Når du er god og mett, full av gode opplevingar, gjeng turen vidare til Høydalsmo og E-134 attende til Åmot.

ravnjuv4
Facebook
Twitter
E-post
Print
en_GB