Search

Hyllandsfoss Camping

Ved RV37, 2 km frå Åmot i retning Rauland, finn du Hyllandsfoss Camping. Med Hyllandshylen og Hyllandsfossen som næraste naboar ligg plassen idyllisk og fredeleg til.

Kontaktinformasjon

Adresse:  Raulandsvegen 204, 3890 Vinje
E-post: post@spegle.no
Telefon: +47 91 55 11 55

Fossen er til vanleg regulera, men når vatnet blir slept frå Totak og nedover vassdraget er det eit spektakulært syn! Hyllandsfoss Camping har i alt 10 heilårsopne hytter til utleige.

8 av dei har vanleg campingstandard utan innlagt vatn.

2 av hyttene har innlagt vatn, og er elles fullt utstyrte med kjøkenutstyr, sengeklede, oppvaskmaskin og TV. I fyrste etasje er det 2 soverom, og hyttene har også hems med eiga dør.

Her er også plass til om lag 30-35 bueiningar, og me har straumuttak til om lag 20.

Eit nytt og moderne sanitæranlegg, tilrettelagt med handikaptoalett, står klart til bruk for alle gjestene våre. Her har me også vaskerom, kor du kan få vaska kleda dine om det trengs. Og manglar du sengeklede? Det kan du leige hjå oss.

Frå Hyllandsfoss er det om lag 20-24 minuttar køyring til alpinsentera på Rauland, men du treng ikkje reise nokon stad for å få glede av vinteren.

Me har oppøyrde skiløyper i skogen like bak hyttene. Sommartid kan du utforske området via fine turstiar, eller nyte fred og ro på plassen – og kanskje freiste fiskelukka?

Gjestane våre fiskar gratis med stong på Hylen. Du vil ikkje finne nokon resepsjon hjå oss, men me hjelper deg via telefon.!

Velkomen!

Andre tjenestar

Sjå kva du kan oppleva