Search

Mjonøy Bakeri & Camping

Mjonøy har tre høgstandarhytter, og ti med enkel standard. Vedfyrt steinomnsbakeri, eldhus, kunstutstilling, handverk og gardsutsal.

Kontaktinformasjon

Adresse:  Vinjevegen 1704, 3890 Vinje
Telefon: +47 911 48 580
E-post: mjonoy@gmail.com
Nettside: mjonyas.business.site/
Facebook: facebook.com/Mjonoy

Om du kjem frå aust eller vest langs E-134, bør du leggje kvilepausa di til Mjonøy i Vinje. Det vedfyrte bakeriet vårt er svært populært, og held ope frå påsketider til og med haustferien.

Du kan gå i det sjølvbetente bakeriet vårt og forsyne deg av store, freistande skillingsbollar eller brød frå den vedfyrte steinomnen.

I sommarmånadane er kafeen vår open kvar dag, med blant anna vår svært populære Mjonøyburger på menyen. Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er basert på lokale råvarer frå Telemark.

Freistar det å bli lenger har me hytter som dekkjer alle slags behov og i tillegg ein liten campingplass øvst på området.

Elvane Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn sakte forbi og byssar deg i søvn.

Velkomen!

Andre tjenestar

Sjå kva du kan oppleva