Finst det noko som aktiviserer born meir enn vatn? Ormetjønn er ei tilrettelagt og svært familievenleg lita perle sentralt i Åmot. Her er det både sittebenkar, sandstrand, leikeapparat og ei trygg grunne for dei minste – og ei flytebrygge med stupebrett til dei større symjedyktige. Med gode badetemperatur og den sentrale plasseringa er Ormetjønn ein populær møtestad for dei lokale.
Vegen ned til Ormetjønn finn du bak Bratlandsbygget, Spar.
For ungdommen er der spanande med badekulpane du finn langs elva, Tokkeåi. Fylg turstien Fløtarvegen frå Groven- eller Hyllandfoss camping, og ver varsam vatnet i åi er regulert.
Sandnes er ei flott badestrand ved Vinjevatn, ei kort reise frå Åmot sentrum med nedkøyring ved Statkraft. Tilrettelagt med sanitære fasilitetar. Vinjevatn er vasskraftregulert, og har difor kontinuerleg tilførsel av forfriskande fjellvatn. Er også eit flott utgangspunkt for kano- og kajakkpadling.