Rundtur med bil

Ei stor reise i litteratur, kunst, lokale smakar og natur på ein liten biltur (15 km).
Vinje biletgalleri

Rundtur med bil

Ei stor reise i litteratur, kunst, lokale smakar og natur på ein liten biltur (15 km).

Om du tek turen vestover frå Åmot sentrum kan du oppleve mange kulturhistoriske stader på ei lita strekke.

Kva med å byrje reisa på Groven Camping og Hyttegrend i Åmot? Plassen har eit flott tun med gamle hus frå området. Her kan du overnatte på trev, låve, eldhus, stabbur eller på Loftet – som truleg er ei av dei eldste campinghyttene i Noreg med sine 700 år. I tillegg er her 10 større hytter med høg standard.

Fyrste stopp er husmannsplassen Midtbø, kunstnarheimen kor det kjende forfattarparet Halldis og Tarjei Vesaas budde. Huset og livet der er skildra i fleire av dikta og bøkene deira. Midtbø er framleis i familiens eige, og er sidan 2016 opna for besøkande i turistsesong. Ta inn omgjevnadane der dei to forfattarane fann inspirasjon til å skrive verdskjend litteratur!

Ferda går vidare vestover. I Bøgrend kan du svinge innom Vinje Bryggeri, kor du får lokalbrygga øl som ber lokal kultur og historie med seg i både namn og smak.

På Vinjeflaten rett ved Vinjesenteret, det nasjonale senteret for dikting og journalistikk, ligg Vinjestoga. Aasmund Olavsson Vinje, den banebrytande journalisten og diktaren som gjorde landsmålet til eit levande bruksspråk med avisa Dølen, vaks opp her. Mange av Vinje sine dikt er tonesette, og fleire av dei er blitt folkekjære songar. Du kan få omvising i Vinjestoga i turistsesongen.

Før du køyrer vidare mot Smørklepp kan du svinge innom Vinjesvingen Handel, og kjøpe med deg noko lokalmat.                                                              

Neste stopp er Mjonøy Kultursenter, kjend mellom anna for nydeleg fersk gjærbakst frå steinomn og utandørs kafé som serverer mat produsera på lokale råvarer, i rause porsjonar. Tunet er ramma inn av ei samling gamle hus, og ligg idyllisk til ved elva – med hengekøyer plassera svalt i skuggen under trea. Med dyr, kunstutstilling og handverksutsal attpå til er her noko for ein kvar smak! Og sjølv om det er mange som stoppar her om sommaren, er staden likevel prega av ro og harmoni. På Mjonøy kan du overnatte i enkle gamle Telemarkshus, høgstandardhytter eller campe i bubil eller telt.

I bygda Smørklepp (15 km frå Åmot) er du midt i «målarlandskapet» til kunstnaren Henrik Sørensen, som framfor alt var kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Her ligg det særprega, natursteinsbygde Vinje biletgalleri, kor du kan studere ei stor samling av måleria til Sørensen. I tillegg kan du sjå bilete av den kjende kunstnaren Harald Kihle her.

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO