Kajakk – Vinjevatn

kajakk

Kajakk – Vinjevatn

Lengde: Om lag 20 km

Vinjevatn strekkjer seg langs E134 frå Tveito like vest for Åmot, og opp til Vinjesvingen. Vatnet er idyllisk, særleg i nedste enden, og eignar seg godt for kajakk- og kanopadling. Det er eit ganske rikt dyreliv langs elva, det er mogleg å sjå alt frå elg til bever og mindre dyr som røyskatt.

Det vil vera enklast å setje kajakken eller kanoen ut like ved demningen på Tveito, men ver veldig varsam dersom det sleppast vatn frå dammen og nedover elva. Dei fyrste kilometerane er smale og svingete, med parti med sterk straum. Ver obs på dette når du padlar oppover.

Dersom du er uerfaren, kan du med  fordel  starte  turen  ved brua i Særensgrend. Oppover blir vatnet breiare, og du vil finne mange flotte stader å gå i land for å campe, raste eller fiske. Padlar du frå demningen, heilt opp i vestenden av vatnet, og tilbake til demningen igjen, er total distanse om lag 20 km.

Tips 1: Vinjevatn er stort sett ganske kaldt sjølv i dei varmaste sommarmånadane. Bruk alltid padlevest.

Tips 2: Øvst i Vinjevatn ligg ei lang, fin sandstrand som blir kalla for Sandnes. Her er det veldig fint å bade. 

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO