Kulturløypa frå Mjonøy til Vinje biletgalleri

Kulturløypa som både startar og endar ved idylliske Mjonøy i Vinje går i lett skogsterreng langs elva, og er krydra med kulpar og vakre fossefall. På toppen av løypa, inne i skogen, openberrar Vinje biletgalleri seg.
kultur

Her finst ei stor samling av verka til biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle, som budde og arbeidde saman i Smørklepp ei tid. Etterpå kan du fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy. Og før du dreg vil du nok forsyne deg ei gong eller to i det velduftande bakeriet på tunet også.

Mjonøy. Utgangspunktet for turen. Her kan du sova rimeleg og godt i gamle loft og bur, eller legge på prisen og spandere på deg ei natt i høgstandardhytter. Bakeri, utstillingar og utsal om sommaren. Vinje biletgalleri. Biletmålaren Henrik Sørensen hadde 40 av somrane sine i Smørklepp i Vinje. Verka hans, og til kunstnarvenen Harald Kihle, kan du studere i biletgalleriet, som ligg gøymt inne i skogen. Sjå meir om Mjonøy Bakeri og camping.

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO