Rundtur frå Åmot til Øyfjell & Rauland

ravnjuv6

Rundtur frå Åmot til Øyfjell & Rauland

Lengde: Om lag 50 km.

Denne runden har det meste, frå bratte klatreetappar og svingete, idyllisk veg over Fiskestigen, til lengre strekk med god asfalt, og ikkje minst hissige utforkøyringar. Den eignar seg like godt for elsykkel som for racersykkel, og er like bra som ein rask treningstur eller ein roleg dagstur.

Med Åmot sentrum som utgangspunkt fylgjer du gang- og sykkelstien på venstre side av vegen i om lag 2 km på RV37 til Hylland. Ved vegskiljet ovanfor Hyllandsfossen tek du av til høgre, i retning Øyfjell. Obs! Dei siste 500 meterane før krysset syklar du på hovudvegen.

No fylgjer om lag 4 km med til dels bratt motbakke, før vegen flatar ut ved Mjåvasskaret. Her er det fint å stoppe for ei rast, om det kan freiste. Eit godt råd er å det med ro i starten, bakken er lang …

Vegen slyngar seg så vidare langs idylliske småvatn mot Øyfjell. I Øyfjell  svingar du til venstre, mot Austbø og Rauland. På dette strekket er det også fleire fine stoppestadar, til dømes på stranda ved Lognvikvatn, der ein mellom anna kan sjå beitande lamaer.

Etter om lag 18 km er du på Austbø. Ta til venstre på RV37, og sykle mot Raulandskrossen. Midt i Rauland sentrum tek ein til venstre igjen, og syklar om lag 17 km attende til Åmot. Turen kan godt køyrast begge vegar.


Tips 1: Dersom du syklar for å trene, er det lagt inn fleire Strava-segment på runden, mellom anna opp Fiskestigen frå Hylland, og opp den siste bakken mot Austbø. Vel du å sykle andre vegen, er bakken opp frå Tansosen ein klassisk test av formen.


Tips 2: Det er fleire stadar som passar bra for å ete matpakke. Både langs Fiskestigen, langs Lognvikvatn, og når ein kjem ned til Tansosen, der elva frå Tansvatn renn ut i Totak.

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO