Kvar sundag i februar arrangerer Vinje IL vaffelsundag i Jønnardalen.
Vaffelsundagane er eit flott tiltak for å få liten som stor ut på ski. Dei beste vaflane i heile Vinje blir steikt på gamlemåten i ei lita hytte langs skiløypa, utan tilgang på straum.
For å koma hit må du gå om lag 2 km på ski. Parker på Mjåvasskaret, på toppen av Fiskestigen, og fylg skiløypa innover mot Vehuskjerringa. Hugs småpengar! Ved målet kan du få kjøpt vaflar, kaffi og saft.
Vinje IL ynskjer alle velkommen!