Vinje Biletgalleri

36053105_207882683189731_1344817404986785792_n

Vinje Biletgalleri

Nær 40 somrar i grenda Smørklepp sette sitt preg på kunstnaren Henrik Sørensen.

Midt i dette «målarlandskapet» finn du eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet sto ferdig i 1991 og er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr. Det var sonen til Henrik Sørensen, Sven Oluf Sørensen, som tok initiativ til etableringa av både dette galleriet og Holmsbu billedgalleri i Hurum.

Harald Kihle har og fått sin plass i galleriet i Vinje. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.

Henrik Sørensen (1882 – 1962)

Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom varme lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.

Harald Kihle (1905 – 1997)

Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss «Det løynde Telemark» og lært mange å setje pris på kunsten.

Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.

Det er vandrerute frå Mjonøy opp til biletgalleriet.

Museet er ope i sommarsesongen.

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO