Den politiske kannestøypar

Den politiske kannestøypar

Dato: 3. november, 2024
Tid: 19:00 - 21:00
Sted: Vinjehuset
© Teater Ibsen

Haustens store komedie frå Teater Ibsen er Ludvig Holbergs klassikar: «Den politiske kannestøypar». I rolla som Herman von Bremen finn me Helén Vikstvedt og med seg har ho Monica Hjelle, Ida Ursin Holm, Hadle Reisæter og Hanne Amalie Smedstad.

Les meir

Informasjon

Den politiske kannestøypar

Dato: 3. november, 2024
Tid: 19:00 - 21:00
Sted: Vinjehuset
© Teater Ibsen

Haustens store komedie frå Teater Ibsen er Ludvig Holbergs klassikar: «Den politiske kannestøypar». I rolla som Herman von Bremen finn me Helén Vikstvedt og med seg har ho Monica Hjelle, Ida Ursin Holm, Hadle Reisæter og Hanne Amalie Smedstad.

Les meir

Den politiske kannestøypar» er ein klassisk Holberg-komedie over lesten «Konge for en dag», på same måte som «Jeppe på bjerget».

Kannestøyparen Herman von Bremen har forlest seg på politisk teori, inviterer venene sine til møter om politikk og nye revolusjonære idear, og forsømmer både arbeid og heim.

Kvifor er det berre eliten som kan bli borgarmeister? Vanlege folk er da like bra!

Byens rådmenn får nyss om denne høgst uønskt aktiviteten, og bestemmer seg for å lære Herman ei lekse. Dei nemnar han til Borgermester!

Herman von Bremen viklast deretter inn i ei endelaus rekke av umoglege lokalpolitiske oppgåver og kjempar heroisk for å halde seg flytande i ein stadig meir absurd verkelegheit. Alt mens borgarskapet ler av sitt eige påfunn.

«Den politiske kannestøypar» er ein knivskarp satire som sparkar både oppover og nedover, og er sidan den hadde premiere i 1722 stadig like aktuell.

Me ønsker velkommen til haustens store komedie, men seier samtidig med ein ana berømt danskes ord, Piet Hein:

«Den som kun tar spøk for spøk,
og alvor kun alvorlig,
han og hun har faktisk fattet
begge deler dårlig»

 

Kontaktinformasjon

Vinje Kommune
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Heimeside: https://teateribsen.no/forestilling/den-politiske-kannestoper/