Ein musikar – Oddbjørn Aase – og ein skodespelar – Hæge Manheim – vandrar i diktinga til ein smålåten, men stor diktar. Dei vil ta tak i dei tonesette dikta, men også korte dikt og prosatekstar – altså ein kabaret. Her er tilsynelatande små tema som belyser store ting i livet og verda – med underfundig humor og vemod, men også satire og beiske spark til øvrigheita.
Les meirInformasjon

Les meirHalvor J. Sandsdalen levde frå 1911- 1998, voks opp på eit småbruk i Seljord som nr. 17 av 20 ungar. Han gjekk landbrukskulen i 1930-åra og arbeidde i unge år som skogs- og landbruksarbeidar, tok eit klassestandpunkt og var med å stifte Skog- og landarbeidarforeninga.
Denne bakgrunnen kan ein godt merke i diktinga hans – livet og verda sett frå små kår.
Som visediktar blir han samanlikna med Jacob Sande, Vidar Sandbeck og Alf Prøysen. Han fekk Norsk kulturråd sin lesarpris i 1969, kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979, Telemark fylkes kulturpris i 1990 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1996.
Medlem: 100,00
Pris: 200,00
Vinje folkebibliotek/Folkeakademiet
Tlf: 35072660
E-post: biblioteket.aamot@vinje.kommune.no