«Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga» – ein Halvor J. Sandsdalen kabaret

Dato: 18. juni, 2024
Tid: 18:00 - 19:00
Sted: Biblioteket i Åmot

Ein musikar – Oddbjørn Aase – og ein skodespelar – Hæge Manheim – vandrar i diktinga til ein smålåten, men stor diktar. Dei vil ta tak i dei tonesette dikta, men også korte dikt og prosatekstar – altså ein kabaret. Her er tilsynelatande små tema som belyser store ting i livet og verda – med underfundig humor og vemod, men også satire og beiske spark til øvrigheita.

Les meir