Litteraturdagane: Dagsprogram fredag

Litteraturdagane: Dagsprogram fredag

Dato: 27. september, 2024
Tid: 12:00
Sted: Vinjar

Festivaltema 2024 er KRAFT. Endringas kraft og kraft i litteraturen er nokre stikkord for ein innhaldsrik festivalfredag på Vinjar!

Les meir

Informasjon

Litteraturdagane: Dagsprogram fredag

Dato: 27. september, 2024
Tid: 12:00
Sted: Vinjar

Festivaltema 2024 er KRAFT. Endringas kraft og kraft i litteraturen er nokre stikkord for ein innhaldsrik festivalfredag på Vinjar!

Les meir

Kl. 12.00
ENDRINGAS KRAFT: AASMUND OLAVSSON VINJE OG DØLEN
Korleis er Vinje ein klassikar og korleis er det han skreiv levande for oss i dag? Forlagsredaktør og forfattar Trygve Riiser Gundersen fortel om endringskraft og endringsvilje hos Vinje, som ein språkleg og journalistisk pionér. 

Kl. 13.15
NOVELLER MED DRIV OG KRAFT
Monica Goksøyr fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris 2023 for novellesamlinga Slemme jenter. Møt ho i samtale med forfattar Olaug Nilssen.

Kl. 14.30
ROMANTISK FORTID, DYSTOPISK FRAMTID
Kva seier litteraturen om naturen? Kan litteraturen gje kraft til handling i møte med klimakrisa? Bernhard Ellefsen gav i 2022 ut boka Det som går tapt. Møt han i samtale med Thor Magnus Tangerås som i 2024 gav ut diktsamlinga Landskap med vindturbinar. Samtaleleiar er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, Eirik Vassenden.

Kl. 15.30
BLÅTT SVEV
Kva er krafta i det useielege? Nobelprisen i litteratur gjekk i 2023 til forfattar, lyrikar og dramatikar Jon Fosse. Skodespelar og regissør Hildegun Riise og felespelar og komponist Benedicte Maurseth framfører poesikonserten Blått svev basert på Jon Fosses forfattarskap.