Opplev Vinje frå sykkelsetet
Vinje er kjend for tradisjonell byggeskikk, natur- og kulturlandskap, og på sykkel kan du nyte det gjennom alle sansar. El-sykkel set dei fleste avgrensingar til sides, og gjev eit hav av moglegheiter.
Sykkeltur til Naturfenomenet Ravnjuv – det spektakulære stupet på 350m med oppgaånde luftstraum. Eller kva med å kombinere sykkel og vandring? Sherpatrapp til Falkenuten på Rauland. Eller kanskje sykkeltur med afternoon tea på Hotel Dalen som mål?
Med sitt varierte og kuperte landskap er Vinje perfekt for landevegssykling, og har fleire populære rundturar med ulike lengder og stigningar. Blant anna Vinje rundt (95 km), Øyfjellsrunden (50 km), eller Tokkerunden (.. km)
Telemarkskanalen er også eit svært populært reisemål for sykkelturisme og er innan rekkevidde med god buss forbindelse.
Sykkelkart for Telemark kan kjøpast på Groven Camping