Informasjon
Me arbeider for å styrkje Ytre Vinje som besøksmål, handelsstad og lokalsamfunn.
Gjennom Visit Vinje synleggjer me opplevingar, aktivitetar, handel, overnatting og lokalt næringsliv, samstundes som me jobbar for å skape meir liv og fleire aktivitatar og auka verdiskaping i kommunen.
I samarbeid med medlemsbedrifter, frivillige lag og organisasjonar, innbyggjarar og kommunen arbeidar me med marknadsføring, arrangement og utviklingsprosjekt som gjer Ytre Vinje til ein attraktiv stad å besøkje, bu og investere i.
Ynskjer du å bli medlem i Vinje Næringslag, vere synleg på visitvinje.no eller bidra til utviklinga av Vinje? Då høyrer me gjerne frå deg på visitvinje@gmail.com.
Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!
Visit Vinje – eit naturleg stopp.
Turistinformasjon
Åmot er handel- og tenestesenteret i Vinje kommune og eit naturleg utgangspunkt for opplevingar i heile regionen. Her har du kort veg til urørt natur, rik kulturhistorie og nokre av dei største attraksjonane i Fjell-Telemark.
Som knutepunkt langs E134 ligg Åmot sentralt mellom opplevingar som Rauland, Haukelifjell, Falkenuten, Telemarkskanalen, Lårdalstigen, Gaustatoppen og Bø Sommarland.
Turistinformasjonen for Åmot er sommaropen ved Groven Camping & Hyttegrend frå 1. juni til 1. september. Her får du lokale tips, turforslag, kart, brosjyrer og informasjon om aktivitetar og attraksjonar i Vinje og regionen.
Utanom sommarsesongen er det Visit Vinje du kan kontakte.
Velkomen til Vinje!
Groven Camping & Hyttegrend
Raulandsvegen 41, 3890 Vinje
Telefon: +47 90956484
E-post: post@visitvinje.no
Visit Vinje
E-post: visitvinje@gmail.com
Kontakt oss
Me vil gjerne høyre frå deg!
Send oss ein e-post eller fyll ut skjemaet under og me kontaktar deg så fort me har behandla henvendinga di.
Visit Vinje
Vinje Næringslag
Org.nr. 971 327 065
Reisa hit
Nytt kartet under for å sjå ti ulike startpunkt i Sør-Noreg for ein fin køyretur til Åmot i Vinje Kommune. Her er avstandane og estimert tid for alle startpunkt:
Dalen: 22 km, 25 minutt
Rjukan: 66 km, 1 time og 5 minutt
Hovden: 67 km, 1 time
Odda: 136 km, 2 timar og 10 minutt
Larvik: 158 km, 2 timar og 25 minutt
Oslo: 211 km, 3 timar og 5 minutt
Kristiansand: 225 km, 3 timar og 20 minutt
Haugesund: 232 km, 3 timar og 30 minutt
Stavanger: 247 km, 4 timar og 5 minutt
Bergen: 270 km, 4 timar og 55 minutt