Samankomstar
KOM DEG UT-DAGEN – familietur til Furufjell

Sondag 6. september kl. 11.00–14.00 inviterar Barnas Turlag Vinje til Kom deg ut-dagen på Furufjell på Hyllandsheia.
Ta med familien og bli med på ein triveleg tur til Furufjell! Turbo står klar på parkeringsplassen frå kl. 11.00 til 11.30 for å ynskje små og store god tur.
Turen er om lag 1,5 km ein veg og passar fint som familietur. Langs vegen opp mot toppen blir det natursti. Hugs å ta med svarark frå start! Det blir også utrekkspremiar blant dei som fullfører naturstien.
Praktisk informasjon:
- Tid: Sondag 6. september kl. 11.00–14.00
- Stad: Furufjell på Hyllandsheia
- Start: Fiskestigen mellom Åmot og Øyfjell
- Lengde: Ca. 1,5 km til toppen
- Parkering: Parkeringsplassar både før og etter skiltet til Furufjell
Pakk sekken, ta med godt humør og bli med ut på tur. Me håpar å sjå mange turglade familiar denne dagen!
Les meir om turen til Furufjell:
https://visitvinje.no/oppleving/furufjell/
Arrangør: Barnas Turlag Vinje
Telefon: 478 40 948
E-post: juneverstod@gmail.com
Folkemusikkpub med Ottar Kåsa og Johannes Martens: «Grovt og grant»

Fredag 11. september kl. 20.00–22.00 inviterer Folkeakademiet Vinje til folkemusikkpub på Vinjehuset med Ottar Kåsa og Johannes Martens.
Tittelen «Grovt og grant» er inspirert av samspelet mellom Myllarguten og Håvard Gibøen. Når dei spela i oktav til kvarandre, kalla dei det «grovt og grant». Det same samspelet står sentralt når Kåsa og Martens møtest med hardingfele og hardingcello.
Dei to musikarane var begge med i strykekvintetten som framførte tingingsverket Istem under Telemarkfestivalen i 2025. Instrumenta i kvintetten hadde understrengar, og alle var laga av hardingfelespelar og felemakar Ottar Kåsa.
I «Grovt og grant» utforskar Kåsa og Martens samspelet mellom hardingfele og hardingcello vidare. Hardingcelloen har ei ekstra femte streng øvst, tilsvarande toppstrengen på hardingfela. Det gjer det mogleg å spele tradisjonelle slåttar ein oktav lågare og skaper ein heilt eigen, djup og suggererande klang.
Ottar Kåsa er ein av dei fremste tradisjonsberarane innan hardingfelespel frå Telemark, og er oldebarn av Myllarguten. Johannes Martens er klassisk utdanna cellist og har arbeidd mykje med både folkemusikk og barokkmusikk.
Stad: Vinjehuset
Tid: Fredag 11. september kl. 20.00–22.00
Kjøp billettar:
https://checkout.ebillett.no/279/events/425/purchase
Arrangør: Folkeakademiet Vinje
Telefon: 958 97 895
E-post: signe.marie.kittelsaa@nenett.no
Språk under press – overlever norsk språk?
Tysdag 15. september kl. 12.00–13.30 inviterer Folkeakademiet Rauland/Tokke/Vinje til foredrag med Trond Vernegg på biblioteket i Åmot.
Det norske språket er i stadig endring og møter press frå fleire hald. Kva skjer med språket vårt, og kva skal til for at norsk held fram med å vere eit levande og sterkt språk?
Trond Vernegg er kjent for å engasjere, provosere og begeistre. Han tek publikum rett inn i ein aktuell språkdebatt – og samtala held gjerne fram lenge etter at foredraget er ferdig.
Stad: Biblioteket i Åmot
Tid: Tysdag 15. september kl. 12.00–13.30
Pris:
Vaksen: 200 kr
Medlem: 100 kr
Velkomen til eit engasjerande møte om framtida til det norske språket.
Arrangør: Folkeakademiet Rauland/Tokke/Vinje
Telefon: 958 97 895
E-post: signe.marie.kittelsaa@nenett.no
Litteraturdagane 2026

Litteraturdagane på Vinjesenteret 24.–27. september 2026.
Den tradisjonsrike litteraturfestivalen samlar kvart år forfattarar, formidlarar og litteraturinteresserte til inspirerande dagar med samtalar, føredrag og kulturopplevingar i hjartet av Vinje. Festivalen har sidan oppstarten utvikla seg til å bli ein viktig møteplass for litteratur, språk og journalistikk.
Program og meir informasjon blir publisert fortløpande.
Følg med for oppdateringar og komande programslepp.
Creedence StoryNight Revisited – med Fortunate Sons

Bli med på ei musikalsk reise gjennom historia til eit av verdas mest legendariske rockeband når Fortunate Sons tek med seg suksessframsyninga Creedence StoryNight tilbake til scena.
I Creedence StoryNight Revisited blir dei største låtane til Creedence Clearwater Revival kombinert med historier, anekdotar og tilbakeblikk på musikken som har begeistra generasjonar av fans. Publikum får oppleve både dei velkjende klassikarane og forteljingane bak songane i ei oppdatert og vidareutvikla utgåve av den populære framsyninga.
For ti år sidan spelte den originale StoryNight for fulle hus over heile landet. No er suksessen tilbake i ny drakt – med meir energi, fleire musikalske høgdepunkt og ei endå sterkare hyllest til Creedence-universet.
Velkomen til ein kveld fylt med udøyelege rockeklassikarar og gode historiar.
Prisar
Pris: 400,00
Kontaktinfomasjon
Vinje Kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Byting på Vinjehuset!

Byting – sitjande konsert med historiar og musikk
Opplev Byting på ein heilt ny måte når bandet inviterer til ein av berre to sitjande konsertar denne hausten.
I denne spesielle konsertforma står låtane, tekstane og historiene i sentrum. Publikum får kome tettare på både musikken og menneska bak songane, med forteljingar om livet, karakterane og hendingane som har inspirert nokre av Byting sine mest kjende låtar.
Byting frå Bø i Telemark har gjennom meir enn ti år etablert seg som eit av dei mest populære banda innan norsk roots, folkrock og country. Mange kjenner også musikken frå NRK-serien Rådebank. Med sterke tekstar, høg musikalsk kvalitet og over 75 millionar strøymingar har bandet opparbeidd seg eit stort publikum over heile landet.
Denne kvelden blir ei sjeldan moglegheit til å oppleve Byting i eit nært og intimt format der historieforteljinga får like stor plass som musikken.
📍 Vinjehuset
🕖 Kl. 19.00
🎟 Billettpris: kr 420,-
Velkomen til ein kveld med historier, musikk og Byting på sitt mest personlege.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Møt Ben Ward – engelskmannen som bytte ut storbylivet i London med eit liv på Kroken gard, spektakulært plassert på ei fjellhylle 300 meter over Sognefjorden.
Gjennom NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har Ben Ward blitt kjend for si historie om å skape eit nytt liv på ein av dei mest særmerkte gardane i landet. I dette foredraget deler han erfaringar, utfordringar og gleder frå livet på Kroken gard, og fortel om kvifor han valde å slå seg ned nettopp der.
Foredraget blir halde på engelsk.
Velkomen til eit inspirerande møte med ein av dei mest kjende profilane frå den populære NRK-serien.
Prisar
Voksen: 250,00
Medlem: 200,00
Kontaktinfomasjon
Folkeakademiet Vinje
Tlf: 95897895
E-post: signe.marie.kittelsaa@nenett.no
Inspirasjonskveld med Tommy Tønsberg

Torsdag 3. september kl. 17.30–20.00 inviterer Tokke/Vinje hagelag til inspirasjonskveld på Vinjehuset.
Tema for kvelden er laukar i hagen, og Tommy Tønsberg kjem for å dele kunnskap, tips og inspirasjon til korleis du kan skape ein fargerik og spennande hage med laukplantar.
Det blir ein koseleg kveld med fagleg påfyll, hyggeleg prat, kake, kaffi og utlodning.
Stad: Vinjehuset
Tid: Torsdag 3. september kl. 17.30–20.00
Pris: Gratis inngang
Velkomen til ein triveleg og inspirerande hagekveld!
Arrangør: Tokke/Vinje hagelag
Telefon: 905 04 897
E-post: mheggtveit@gmail.com
Innbyggjarmøte om framtidige bu- og omsorgsløysingar i Vinje

Tysdag 22. september kl. 18.00–20.30 inviterer Vinje kommune til innbyggjarmøte på Vinjehuset om bygging av omsorgsbustader i Åmot og vidare utvikling av Vinje sjukeheim og Vinje helsesenter.
For å finne gode og framtidsretta løysingar ynskjer kommunen innspel og medverknad frå innbyggjarane.
På møtet blir det mellom anna:
- orientering om behov og planar frå kommunedirektør og kommunalsjef for Helse og meistring
- presentasjon frå Agenda Kaupang om framtidige behov og tilrådde grep
- førebelse skisser frå Sør Arkitekter
- tid til spørsmål, innspel og dialog
Ordføraren leier møtet, og det blir enkel servering.
Stad: Vinjehuset
Tid: Tysdag 22. september kl. 18.00–20.30
Velkomen til å høyre meir om planane og kome med innspel til korleis framtidige bu- og omsorgstilbod i Vinje bør utviklast.
Meir informasjon:
https://www.vinje.kommune.no/aktuelt-pa-forsiden/2026-08-24-framtidsretta-bu–og-omsorgsloysingar-i-vinje
Spørjeundersøking for deg over 50 år:
https://www.vinje.kommune.no/aktuelt-pa-forsiden/2026-08-25-korleis-vil-du-bu-i-framtida—sporjeundersoking-til-deg-over-50-ar
Arrangør: Vinje kommune
Telefon: 35 06 23 00
E-post: postmottak@vinje.kommune.no
Nesetdagane og Kulturminnedagen 2026

Fredag 4. og laurdag 5. september blir det to dagar med musikk, kulturhistorie og handverk på Neset Gard.
I år blir Nesetdagane og Kulturminnedagen samla til eitt arrangement, med eit variert program i historiske omgjevnader.
Fredag 4. september kl. 18.00–22.00 kjem Knut Buen til den freda Torvetjønnstoga frå 1715 med konserten «Å metta seg vel til sogur og spel». Etter konserten blir det servert «Bodils kjærleiksuppe» i Fjoset.
Laurdag 5. september kl. 13.00–22.00 blir det omvising på tunet, minikurs i brikkevev med Anne Mari Jore og trykking på skinn eller tekstil med Bente på Neset. Kvelden blir avslutta med konsert med Anne Gravir Klykken og Jon Solberg. Etter konserten blir det servert suppe med brød.
Det er avgrensa tal på plassar innandørs, og påmelding til både konsertar og kurs må gjerast på førehand.
Tid:
Fredag 4. september kl. 18.00–22.00
Laurdag 5. september kl. 13.00–22.00
Stad: Neset Gard
Prisar:
Vaksen: 400 kr
Barn: 200 kr
Festivalpass: 700 kr
Velkomen til ei innhaldsrik kulturhelg på Neset Gard!
Arrangør: Rauland Utvikling ANS
Telefon: 908 70 700
E-post: bente.tvenge@gmail.com
Heimeside: http://www.neset-telemark.no
The Boots Band på Vinjedagen

Laurdag kveld blir det fest på Vinjehuset når Oddbjørn Holla & The Boots Band gjestar Vinjedagen.
Bandet frå Notodden har gjennom fleire tiår etablert seg som eit av landets mest populære country- og danseband, med ei rekkje albumutgjevingar, radiofavorittar og konsertar over heile Noreg. Publikum kan vente seg ein kveld fylt med speleglede, høg musikalsk kvalitet og fengjande låtar som inviterer til både allsang og dans.
The Boots Band er kjende for energiske konsertar der country, rock og humor går hand i hand, og er klare for å skape skikkeleg feststemning på Vinjedagen.
🎵 Konsertstart ca. kl. 22.00
🎟 Billettpris: kr 400,-
🔞 18 års aldersgrense
📍 Vinjehuset, Åmot
Velkomen til årets Vinjedagsfest!
Kontaktinfomasjon:
Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Vinjedagen 2026

Velkomen til Vinjedagen i Åmot sentrum laurdag 22. august!
Det blir marknadsdag med salsbodar, utstillarar, aktivitetar for born, underhaldning og gode tilbod i butikkane.
Samtidig går Vinjecup av stabelen på Åmot stadion, før dagen blir avslutta med fest på Vinjehuset om kvelden.
Ein sosial og innhaldsrik dag for både fastbuande og tilreisande – velkomen til sentrumshandel, møteplassar og god stemning i hjartet av Vinje!
Kontaktinformasjon:
Elin Hommo
📞 97 15 11 51
✉️ visitvinje@gmail.com
Signe Marie Kittelsaa
📞 95 89 78 95
✉️ vinjedagen@gmail.com
Gaukenfestivalen 2026

14.–15. august blir det festivalstemning i Vinje når den aller fyrste utgåva av Gaukenfestivalen går av stabelen!
Gaukenfestivalen er ein sjangerfri og inkluderande musikkfestival bygd på dugnadsånd, lokale ressursar og tru på at noko stort kan skje også i grisgrendte strøk. Her møtest musikk, bygdeliv og fellesskap i ei heilt spesiell festivalhelg.
Festivalen byr på både kjende og ukjende artistar – frå grumsete gitarriff og elektroniske tonar til bygdefunk og gode konsertopplevingar under open himmel.
Ein møteplass for ungdom og besteforeldre, innflyttarar og utflyttarar, turistar og telemarkingar.
Festivalpass kan du kjøpe her!
Summarkviss på Groven Camping!

Groven Camping inviterer til sumarkviss kvar onsdag i juli, med ulike kvissmasterar frå veke til veke.
Denne kvelden er det Øystein Eriksen som styrer spørsmål, poeng og stemning. Samle vener, familie eller kollegaer og bli med på ein sosial sommarkveld med varierte spørsmål og god konkurranse.
Det er plass til om lag 50 personar inne og 100 ute. Ved dårleg vêr kan det vere lurt å møte opp tidleg for å sikre seg plass innandørs.
Lag kan ha inntil seks deltakarar. Beste lag vinn premie på kr 500,- og ein pizza.
Vel møtt til sumarkviss på Groven!
Sumarkviss på Groven Camping!

Groven Camping inviterer til sumarkviss kvar onsdag i juli, med ulike kvissmasterar frå veke til veke.
Denne kvelden er det Anne Tveito som styrer spørsmål, poeng og stemning. Samle vener, familie eller kollegaer og bli med på ein sosial sommarkveld med varierte spørsmål og god konkurranse.
Det er plass til om lag 50 personar inne og 100 ute. Ved dårleg vêr kan det vere lurt å møte opp tidleg for å sikre seg plass innandørs.
Lag kan ha inntil seks deltakarar. Beste lag vinn premie på kr 500,- og ein pizza.
Vel møtt til sumarkviss på Groven!
Sumarkviss på Groven Camping!

Groven Camping inviterer til sumarkviss kvar onsdag i juli, med ulike kvissmasterar frå veke til veke.
Denne kvelden er det Halvor Olsnes som styrer spørsmål, poeng og stemning. Samle vener, familie eller kollegaer og bli med på ein sosial sommarkveld med varierte spørsmål og god konkurranse.
Det er plass til om lag 50 personar inne og 100 ute. Ved dårleg vêr kan det vere lurt å møte opp tidleg for å sikre seg plass innandørs.
Lag kan ha inntil seks deltakarar. Beste lag vinn premie på kr 500,- og ein pizza.
Vel møtt til sumarkviss på Groven!