Vil du oppleve meir av den flotte naturen i Vinje? Denne sommaren og hausten kan du bli med på både Stolpejakta og Vinjetrimmen – to gratis aktivitetar som passar for alle, uansett alder og form.

Enten du er fastbuande, hytteeigar eller på besøk i Vinje, er dette ein fin måte å oppdage nye turmål og skape gode opplevingar saman med familie og vener.

Stolpejakta 2026

Frå 15. juni er årets Stolpejakt i gang. Rundt om i Vinje er det sett ut 54 stolpar, fordelt på både enkle nærturar og flotte rundløyper i heile kommunen.

Ved hjelp av Stolpejakta-appen eller kart registrerer du stolpane du finn. Kvar stolpe er merka med nummer, bokstav og QR-kode.

Nytt av året er Gullstolpen, som er plassert ut på utvalde stader i landet. Er du heldig og finn ein Gullstolpe, ventar det premie i næraste Sport1-butikk.

Tre av stolpane er også knytte til ABC for god psykisk helse, med ei oppmoding om å vere aktiv, gjere noko saman og skape gode opplevingar med andre.

Besøk minst 25 stolpar, så er du med i trekkinga av fem gåvekort på 1 000 kroner som kan nyttast hjå valfri verksemd i Vinje. Stolpane står ute til om lag 11. oktober, med atterhald om tidleg sno.

Vinjetrimmen 2026

Frå 1. juli til 31. oktober kan du delta i Vinjetrimmen gjennom appen Trimpoeng.

Vinjetrimmen er eit gratis lågterskeltilbod som skal inspirere fleire til å kome seg ut i naturen. Turane har ulik poengsum ut frå lengd og vanskegrad, og registrerer du 500 poeng eller meir, er du med i trekkinga av premiar.

Målet er enkelt – å gjere det lett å vere aktiv, oppleve naturen og kanskje finne nye favoritturar i Vinje.

Populære turmål

Både Stolpejakta og Vinjetrimmen tek deg til mange flotte område i kommunen. Nokre av dei mest populære turmåla er:

* Fløtarvegen i Åmot
* Fonnlinuten i Åmot
* Beverstien ved Raulandsakademiet
* Reinparken i Edland
* Uførnuten på Haukeli
* Hyljås i Åmot
* Fagersand på Rauland
* Urdbøuri i Arabygdi

Finn endå fleire turtips

UT.no finn du eit stort utval av turar i Vinje med kart, rutebeskrivingar, lengd, tidsbruk og vanskegrad. Her på Visit Vinje finn du òg inspirasjon til både korte nærturar og flotte fjellturar, slik at det er enkelt å planleggje neste naturoppleving.

God tur – og lukke til med både stolpar og trimpoeng!

Sjå foto og videoar

Les meir

Utstilling på Silkevippa i Åmot Gammel tømre kunst

Opplev kultur i Vinje – museum, kunst, litteratur og historie

Nasjonalskilting av trustiar i åmot. Grønne skilt med Vinje IL logo

Stolpejakta og Vinjetrimmen 2026 – opplev Vinje til fots

smilende kvinner som møtes utefor kjøpesenteret Fristadsenteret i Åmot, Vinje.

Kveldsope i Åmot