Eit natur- og kulturhistorisk opplevingsprosjekt ved Hyllandsfossen i Åmot.
Fløtarvegen – kort fortalt
Fløtarvegen er eit natur- og kulturhistorisk utviklingsprosjekt ved Hyllandsfossen i Åmot, med ambisjon om å skape eit regionalt fyrtårn og eit attraktivt besøksmål i Vest-Telemark.
Prosjektet omfattar opparbeiding av turveg, restaurering av kulturminne, historieformidling, kvilebenkar og utsiktspunkt. På lengre sikt er det planlagt ei 1,3 kilometer lang delvis universel gangbane i tre som skal slyngje seg opp gjennom elvedraget langs vestsida av fossen, med det spektakulære utkikkspunktet Hyllandsrosa som eit hovudelement.
Gjennom Fløtarvegen ynskjer Vinje Næringslag å ta vare på og formidle historia om livet langs fossen, styrkje lokal identitet og stoltheit og skape nye opplevingar som bidreg til auka besøk og verdiskaping i regionen.
Historia som grunnlag
Åmot tyder «der to elvar møtest». Her møtest Vinjeåi og Tokke, og gjennom generasjonar har vatnet vore ein viktig ressurs for menneska som har levd her.
Ved Hyllandsfossen vart vatnet nytta som transportåre for tømmer og som drivkraft for møller, kverner, sager og stamper. Seinare fekk fossen ei ny rolle gjennom elektrisitetsproduksjon og den omfattande kraftutbygginga i Tokke–Vinje-vassdraget.
Historia langs Hyllandsfossen speglar ei større utvikling i Telemark, der vatnet og naturressursane har vore avgjerande for busetjing, arbeidsliv og industriutvikling.
Langs fossen finst framleis spor etter denne historia, mellom anna gamle fløytarmurar, mølleanlegg og restar etter kraftproduksjonen. Gjennom restaurering og formidling skal Fløtarvegen løfte fram både kulturminna og forteljingane om menneska som levde og arbeidde her.
Historia strekkjer seg heilt fram til dagens moderne vasskraftanlegg, som produserer fornybar energi til storsamfunnet. Kraftressursane er framleis ein viktig del av livsgrunnlaget i Vinje og har bidrege til å utvikle gode tenester og gjere kommunen til ein attraktiv stad å bu.
Slik bind Fløtarvegen saman fortid, notid og framtid – og fortel historia om korleis vatnet har forma både landskapet, menneska og lokalsamfunnet.
Mål og ambisjonar
Visjonen er å utvikle Fløtarvegen til eit regionalt fyrtårn innan natur- og kulturbaserte opplevingar.
Prosjektet er forankra i Vinje kommune sin reiselivsstrategi for 2025–2027 og skal bidra til ei berekraftig utvikling av Vinje som reisemål.
Prosjektet har fleire mål:
- Utvikle eit regionalt fyrtårn og besøksmål som set Åmot og Vinje på kartet og trekkjer besøkande frå både inn- og utland.
- Styrkje Vinje som heilårsdestinasjon gjennom attraktive natur- og kulturopplevingar i barmarkssesongen, som supplerer vintertilbodet og bidreg til auka besøk gjennom større delar av året.
- Leggje til rette for skånsam naturturisme gjennom eit sentrumsnært besøksmål som kan bidra til å kanalisere ferdsel og redusere presset på sårbare høgfjellsområde, med omsyn til mellom anna villrein, naturverdiar og jaktinteresser.
- Ta vare på og formidle kulturarven gjennom restaurering av kulturminne og levande formidling av historia om tømmerfløyting, mølledrift, vasskraft og menneska langs fossen.
- Styrkje lokal identitet og stoltheit ved å synleggjere historia som har forma bygda og vinbyggane gjennom generasjonar, og skape ein arena for læring, tilhøyrsle og fellesskap.
- Fremje folkehelse og friluftsliv gjennom tilrettelegging for aktivitet, naturopplevingar og inkluderande møteplassar for menneske i alle aldrar og ulike gradar funksjonsnivå.
- Skape lokal og regional verdiskaping ved å styrkje Åmot som handelssentrum og naturleg stoppestad langs E134, med mål om fleire besøkande, lengre opphald og nye moglegheiter for næringsliv, reiseliv og kulturaktørar.
Eit prosjekt i fleire fasar
Fyrste fase – turveg og historieformidling
Fyrste fase omfattar opparbeiding av turvegen på austsida av Hyllandsfossen, restaurering av kulturminne og etablering av raste- og formidlingspunkt.
Hausten 2026 starta arbeidet på turvegen på austsida. Restaurering av den gamle mølla på Hylland er sett i gang, og det er planar om ein gapahuk ved Ja-benken.
Det blir også arbeidd med informasjonsskilt, lydforteljingar og digital formidling som skal gjere historia tilgjengeleg for besøkande.
For dei yngste blir Tussen Torvild ein del av opplevinga, gjennom fem utskorne figurar i eik som inviterar til leik og utforsking langs turvegen.
Andre fase – tett på naturkreftene
Den vidare visjonen omfattar ei 1,3 kilometer lang, delvis universelt utforma gangbane i tre, som skal slyngje seg opp gjennom elvedraget langs vestsida av Hyllandsfossen.
Utforminga tek utgangspunkt i landskapet og den rike kulturhistoria langs fossen. Ved å la gangbana følgje det naturlege terrenget, ynskjer ein å skape ei oppleving tett på naturkreftene, samstundes som ein tek omsyn til kulturminne og naturmiljø.
Eit viktig prinsipp er å ta vare på og synleggjere dei historiske spora. Der det er mogleg og forsvarleg, er det planlagt å nytte fundamenta frå den gamle røyrgata som ein del av konstruksjonen. Slik kan historia om kraftproduksjonen bli ein integrert del av den nye opplevinga.
Eit hovudelement i prosjektet er Hyllandsrosa, eit spektakulært utkikkspunkt som skal gje besøkande eit unikt perspektiv på fossen og dalføret.
Det er gjennomført eit forprosjekt, og vidare realisering vil vere avhengig av finansiering og nødvendige avklaringar.
Regionalt samarbeid og nye moglegheiter
Fløtarvegen har potensial til å bli meir enn ein sjølvstendig attraksjon. Gjennom regionalt samarbeid ynskjer ein å knyte prosjektet til andre natur- og kulturhistoriske besøksmål i Telemark.
Historia om tømmerfløyting, vasskraft og industri bind saman fleire av dei viktigaste kulturhistoriske stadene i regionen. Her ligg det moglegheiter for å utvikle felles forteljingar, tematiske reiseruter og opplevingar på tvers av destinasjonane.
Slik kan Fløtarvegen bli ein del av ei større forteljing om korleis vatnet og naturressursane har forma Telemark, og samstundes bidra til å styrkje regionen som reisemål.
Samarbeid og vegen vidare
Fløtarvegen er eit prosjekt i regi av Vinje Næringslag, med Karl Endre Bjerk som prosjektleiar.
Prosjektet blir utvikla i samarbeid med Statkraft, Vinje Historielag, Vinje IL, Vinje kommune og Norges Handikapforbund, med støtte frå offentlege og private bidragsytarar og viktig frivillig innsats.
Prosjektet er ein del av ei langsiktig satsing på reiseliv og stadutvikling, der målet er å skape opplevingar som kjem både lokalbefolkning, næringsliv og tilreisande til gode.
Fløtarvegen handlar om å ta vare på historia som har forma Åmot, og samstundes skape nye opplevingar, møteplassar og moglegheiter for framtida.