Laurdag 28. november inviterer me til joleopning i Åmot sentrum! Det blir jolemarknad, gratis joleverkstadar, joleparade, fakkeltog og tradisjonell jolegrantenning. Ta med familie og vener til ein triveleg førjolsdag i Åmot!
Program for dagen
- Kl. 10.00–15.00 | Jolehandel i sentrum
Butikkane held ope med gode tilbod. - Kl. 11.00–21.00 | Vinjekroa
Held ope og serverer joletallerken. - Kl. 12.00–15.00 | Joleverkstadar
Gratis aktivitetar for heile familien hjå fleire bedrifter i sentrum. - Kl. 13.00–16.00 | Jolemarknad ved Silkevippa
Lokale utstillarar, fyr i bålpanna, gløgg og pepperkaker. - Kl. 13.00–16.00 | Groven Camping
Inviterer til grautservering. - Kl. 15.00 | Joleparade og fakkeltog
Frå Groven Camping til hotelltomta. - Kl. 15.30 | Jolegrantenning
Song, gang rundt joletreet og kanskje besøk av jolenissen!
Nytt i år – joleverkstad i sentrum!
I år inviterer næringslivet til gratis joleverkstadar rundt om i sentrum. Her kan borna vere kreative og lage noko fint til jol!
- Galleri R.K.D, Fristadsenteret: Lag dine eigne jolekort.
- Draumheim, Fristadsenteret: Lag jolepynt.
- Blomen: Lag koppar med fuglemat i hagen.
- Groven: Pynt pepperkaker.
Alle aktivitetane er gratis. Born må vere i følgje med ein vaksen.
Jolemarknad ved Silkevippa
Silkevippa og Vinje Næringslag inviterer til tradisjonell jolemarknad i tunet ved Silkevippa.
Her blir det lokale utstillarar, sitjebenkar, fyr i bålpanna og gratis gløgg og pepperkaker.
(📸 Ta årets jolekortbilete! Fotograf Mona Kasin blir på plass og tilbyr fotografering for dei som ynskjer eit fint jolebilete.)
Nytt i år – bli med på joleparaden!
I år inviterar me til eit litt annleis fakkeltog!
Me ynskjer å samle små køyretøy som mopedbilar, UTV-ar, firehjulingar og tråtraktorar. Spark og kjelkar er også velkomne, dersom vêr og føre tillèt det.
Pynt gjerne med lys, glitter eller granbar – her er det berre fantasien som set grenser! Hugs berre å ta omsyn til sikt og tryggleik.
Vinjebilberging leier paraden frå Groven Camping, vidare forbi Forsvarsmuseet og fram til hotelltomta.
Me inviterer også alle små og store nissar til å bli med i fakkeltoget bak paraden! Finn fram nisselua, mal deg raude kinn og kanskje nokre fregner på nasen – så fyller me Åmot med smånissar og jolestemning!
Tryggleiken kjem fyrst, og me tek difor atterhald om vêr- og føreforhold for gjennomføring av paraden.
Jolegrantenning og nissebesøk
Me avsluttar dagen med tradisjonell jolegrantenning på hotelltomta. Her blir det jolesongar og gang rundt joletreet.
Og kven veit – kanskje er me heldige og får besøk av sjølvaste jolenissen?
Velkomen til ein stemningsfull førjolsdag i Åmot!



