I fjor voks ei kreativ og stemningsfull pepperkakebygd fram på Fristadsenteret i Åmot. I år håpar me at bygda blir endå større!
Finn fram pepperkakedeigen, melisen og kreativiteten! Inviter familie, vener eller kollegaer til å byggje eit pepperkakehus og bli ein del av årets Pepperkakebygda Åmot.
Kanskje du vil gjenskape eit kjent bygg frå Åmot eller ein annan stad i Vinje? Eller lage ditt eige fantasihus? Her er det berre fantasien som set grenser!
Ei pepperkakebygd me byggjer saman
Frå 1. desember kan du oppleve Pepperkakebygda Åmot i fellesgangen på Fristadsenteret.
Utstillinga veks etter kvart som fleire leverer inn sine byggverk gjennom desember.
Alle kan delta! Barn, familiar, venegjengar, skular, barnehagar, lag og lokale verksemder.
Konkurranse med flotte premiar!
Som i fjor blir det konkurranse med premiar!
- 1. premie: 4 000 kr
- 2. premie: 2 000 kr
- 3. premie: 1 000 kr
Ein jury med representantar frå Vinje Næringslag og lokale samarbeidspartnarar kårar dei tre vinnarane.
Nytt i år – publikumsfavoritten!
I år får også publikum vere med og kåre sin favoritt! Avstemminga skjer på Fristadsenteret etter at alle byggverka er leverte.
Vinnarane blir kunngjorde 5. januar 2027.
Viktige datoar
- 1. desember: Opning av Pepperkakebygda Åmot og start for innlevering hjå Draumheim.
- 20. desember: Siste frist for innlevering.
- 21.–30. desember: Publikumsavstemming.
- 5. januar 2027: Kåring og premieutdeling.
Reglar for deltaking
- Byggverket skal vere laga av pepperkake, med etande pynt.
- Du kan bruke heimelaga deig eller ferdigdeig.
- Maksimal grunnflate: 40 × 40 cm.
- Byggverket skal vere ferdig pynta ved innlevering.
- Hugs å oppgi namn, kontaktinformasjon og tittel på byggverket.
Innlevering og utstilling
Leveringsstad: Draumheim på Fristadsenteret i Åmot.
Innlevering: 1.–20. desember, i opningstida til butikken.
Alle bidraga blir stilte ut i fellesgangen på Fristadsenteret, der du kan følgje med når Pepperkakebygda Åmot veks fram.
Bli med og skap jolestemning!
Enten du byggjer eit lite pepperkakehus eller eit heilt spesielt byggverk, er ditt bidrag med på å gjere Pepperkakebygda Åmot til noko heilt eige.
Me gler oss til å sjå kva de finn på i år!
📧 Spørsmål? Kontakt oss på post@visitvinje.no.
Arrangør: Vinje Næringslag / Visit Vinje



