Vinje er eit levande kulturlandskap der kunst, litteratur, historie og tradisjonar står sterkt. Gjennom sommaren kan du oppleve alt frå kunstutstillingar og museum til litterære kulturminne og levande kulturhistorie.
Her får du ei oversikt over nokre av kulturperlene du kan besøkje i Vinje sommaren 2026.
Åmot sentrum
AUTARKADIA – sommarutstilling på Silkevippa
I 2. etasje på Silkevippa kan du oppleve kunstutstillinga AUTARKADIA med kunstnarparet Anne Lene Aase Willemsen og Hans Willemsen.
Hans Willemsen, opphavleg frå Nederland, arbeider figurativt på lerret, medan Anne Lene Aase Willemsen er kunstnar og illustratør. Kunstnarparet har busett seg på Smørklepp i Vinje, der dei har etablert Vinje Art Camp.
Opningstider
- Måndag–fredag: kl. 10.00–16.30
- Laurdag: kl. 10.00–15.00
Utstillinga er open gjennom heile sommaren.
Galleri Ruth Kvålo Dalen – Fristadsenteret
På Fristadsenteret i Åmot stiller den lokale biletkunstnaren Ruth Kvålo Dalen ut eit utval av måleria sine gjennom sommaren. Kunstnaren er ikkje sjølv til stades, då ho samstundes har sommarutstilling på Nigard Lid.
Forsvarsmuseet i Vinje
Forsvarsmuseet formidlar den lokale krigshistoria frå andre verdskrigen gjennom gjenstandar, fotografi og engasjerte omvisingar. Museet blir drive av Venelaget for Forsvarsmuseet i Vinje, som arbeider for å ta vare på og formidle denne viktige delen av historia vår.
Opningstider
- 2. juli–16. august
- Torsdag–sundag kl. 11.00–16.00
Vinjesenteret
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i dei fire lokale forfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Her kan du utforske moderne utstillingar om litteratur og journalistikk, besøkje museumsbutikken og nyte enkel servering.
Eit besøk på Vinjesenteret kan også kombinerast med omvising i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje, og diktarheimen Midtbø, heimen til Tarjei og Halldis Moren Vesaas. Kvart år arrangerer Vinjesenteret også Litteraturdagane, ein av dei fremste litteraturfestivalane i Noreg.
Mjonøy
Mjonøy er eit naturleg stopp langs E134 og kombinerer lokalmat, handverk og naturopplevingar. Her finn du handverksutstilling, gardsbutikk med lokale produkt, nybakt gjærbakst og servering med fokus på lokale smakar. Mjonøy tilbyr også overnatting og er eit flott utgangspunkt for vandring, mellom anna den kulturhistoriske stien opp til Smørklepp Kunstmuseum.
Smørklepp Kunstmuseum
Smørklepp Kunstmuseum ligg idyllisk til på Smørklepp, omkransa av den storslåtte naturen som inspirerte kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle. Museet rommar ei stor samling verk av dei to kunstnarane, og det særprega bygget, teikna av arkitekt Bjart Mohr, er ei oppleving i seg sjølv. Like ved ligg Sørensenhytta, som opna for publikum i 2023.
Opningstider
- 25. juni–15. august
- Tysdag–sundag kl. 11.00–17.00
- Omvisingar for grupper kan tingast heile året etter avtale.
Øyfjell
Sommarutstilling på Nigard Lid
Frå 11. juli til 2. august inviterer Ruth Kvålo Dalen til sommarutstilling på den stemningsfulle kunstlåven på Nigard Lid.
Årets utstilling samlar tre kunstnarar med ulike uttrykk:
- Elisabeth Helvin – keramikk inspirert av natur og organiske former.
- Kristin Graff – fargerike og stemningsfulle landskapsmåleri.
- Ruth Kvålo Dalen – måleri inspirerte av lys, natur og landskapet i Vest-Telemark.
Utstillinga er open onsdag–sundag kl. 12.00–16.00, og ved opninga blir det kunstnarpresentasjonar, musikk og servering.
Øyfjell Bygdemuseum
Øyfjell Bygdemuseum tek deg med tilbake til kvardagslivet i gamle dagar. I det særmerkte museumsbygget av granitt frå 1931 finn du ei rik samling av reiskap, rosemåling, husgeråd og folkekunst – mellom anna Noregs største ølhøne. På museumstunet kan du besøkje historiske bygningar, oppleve årets særutstilling og handverksaktivitetar, eller ta ein pause i den hyggelege museumskaféen.
Opningstider
- 20. juni–15. august
- Laurdag–sundag kl. 11.00–17.00
- Omvisingar for grupper kan tingast heile året etter avtale.
Rauland
Raulandsakademiet
Raulandsakademiet er eit nasjonalt senter for folkekunst, handverk og tradisjonskultur. Gjennom utstillingar, kurs og arrangement blir gamle handverkstradisjonar haldne levande, og besøkande kan oppleve alt frå treskurd og vev til tekstilkunst og bunadstradisjonar. Akademiet har også galleri og skiftande utstillingar gjennom året.
Dyre Vaa-samlingane
På Rauland finn du Dyre Vaa-samlingane med skulpturar, måleri og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa, saman med verk av Tor Vaa og Svallaug Svalastoga.
Skinnarlandsamlinga
Skinnarlandsamlinga på Rauland gir eit innblikk i den rike handverkstradisjonen i Vest-Telemark gjennom treskurd og folkekunst av Knut Skinnarland.
Utforsk endå meir av kulturarven i Vest-Telemark
Vinje er eit flott utgangspunkt for å oppleve kulturarven i Vest-Telemark. I kort køyreavstand finn du fleire museum og attraksjonar som passar både kunstinteresserte, historieentusiastar og barnefamiliar.
Vest-Telemark Museum i Eidsborg
Hovudmuseet til Vest-Telemark Museum byr på moderne utstillingar, museumsbutikk, kafé og eit stemningsfullt friluftsmuseum. Like ved ligg den over 800 år gamle Eidsborg stavkyrkje og Stålekleivloftet frå mellomalderen.
For barnefamiliar er Telemarkskanalen i miniatyr ein populær aktivitet. Her kan born og vaksne vere slusevakt eller kaptein på små båtar og oppleve korleis Telemarkskanalen fungerer – i miniatyr.
Norsk Skieventyr
I Morgedal kan du oppleve historia om skisporten der den moderne skisporten hadde sitt utspring. Gjennom utstillingar, aktivitetar og forteljingar blir du kjend med skilegenden Sondre Norheim og den viktige rolla Morgedal har hatt i norsk skihistorie.



