Laurdag 28. november kl. 13.00–16.00 inviterar Vinje Næringslag og Silkevippa til jolemarknad i samband med joleopninga i Åmot!
Me ynskjer å skape ein triveleg møteplass med god jolestemning, lokale utstillarar og aktivitetar for heile familien.
I tunet ved Silkevippa blir det fyr i bålpanna, sitjeplassar og gratis gløgg og pepperkaker til dei besøkjande.
Har du lyst til å vere med som utstillar?
Me inviterer lokale produsentar, handverkarar, lag, foreiningar og andre som ynskjer å selje eller vise fram produkta sine på jolemarknaden.
Praktisk informasjon:
📅 Dato: Laurdag 28. november
🕐 Tid: Kl. 13.00–16.00
📍 Stad: Silkevippa i Åmot sentrum
🎄 Standplass: Gratis
🏕️ Utstillarar tek sjølve med bord og eventuelt telt
✉️ Påmeldingsfrist: 15. november
Me ynskjer at utstillarane blir ståande fram til kl. 16.00, slik at marknaden også er open i samband med jolegrantenninga kl. 15.30, då me håpar på ekstra mykje folk i sentrum.
Joleopning med aktivitetar for heile familien
Det blir mykje å oppleve i Åmot denne dagen!
Nytt i år er joleverkstadar hjå fleire av bedriftene i sentrum, med gratis aktivitetar for borna. Her kan ein mellom anna lage jolekort, pynte pepperkaker og lage fuglemat.
Det blir også parade med små motoriserte køyretøy og fakkeltog frå Groven til Silkevippa.
Kl. 15.30 blir det jolegrantenning på hotelltomta, med song og besøk av nissen!
Vil du vere med på jolemarknaden?
Me håpar mange har lyst til å vere med og skape ein triveleg jolemarknad og god jolestemning i Åmot!
Meld deg på innan 15. november:
📧 E-post: visitvinje@gmail.com
📞 Telefon: 971 51 151
Det er gratis å delta med stand.
Arrangørar: Vinje Næringslag og Silkevippa.



