14.–15. august går Gaukenfestivalen av stabelen for fyrste gong. Festivalen byr på ei innhaldsrik helg med musikk, aktivitetar, lokal mat og gode opplevingar i Vinje.

På tre scener kan du oppleve både kjende artistar, lokale favorittar og spennande nye namn frå ulike sjangrar. Blant artistane finn du mellom anna Adama Janlo, Kenneth Lien & Center of the Universe, Vilde Tuv, Skatebård, Pumpegris, Nö Bull – og ikkje minst dei lokale heltane E-76. Gjennom heile helga blir det konsertar og underhaldning for eit breitt publikum.

Meir enn ein musikkfestival

Gaukenfestivalen byr på langt meir enn konsertar. Gjennom helga kan du vere med på:

  •  Yoga
  • Støylsbesøk med chevresmaking
  • Vinsmaking med Funked Up Wines
  • Festivalbadstoge
  • El-sykkeltur i Smørkleppdalen
  • Quiz, bingo, diskjokate og fleire aktivitetar

Lokal mat og drikke

Festivalen legg vekt på gode smakar frå lokale produsentar. På festivalområdet finn du mellom anna:

  • Bjaaland Bygderestaurant
  • Vinje Bryggeri
  • Uliveti
  • Lien Gård

Overnatting og transport

Vil du få med deg heile festivalhelga, kan du overnatte på festivalcampen eller velje mellom fleire overnattingsstadar i Vinje.

Festivalbussen køyrer frå Rauland, Åmot, Dalen og Haukeli, slik at du enkelt og trygt kjem deg til og frå festivalen.

Sikre deg billett

Program, billettar, aktivitetar, overnatting og praktisk informasjon finn du på festivalen si heimeside Gaukenfestivalen

🎟️ Velkomen til den aller fyrste Gaukenfestivalen – ei ny festivaloppleving i Vinje!

Sjå foto og videoar

Les meir

Bold yellow poster text on a red background announcing GAUKEN festival, 14–15 August 2026, BYGDEFEST 2.0.

Gaukenfestivalen – Ei festivalhelg utanom det vanlege!

Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend– enkelt campingliv tett på naturen

Programoversikt Litteraturdagane

Litteraturdagane i Vinje