Åmot i Vinje er eit sentralt knutepunkt i Vest-Telemark og eit naturleg stopp langs E134 mellom Austlandet og Vestlandet. Her finn du kommunesenteret i Vinje, eit variert handel- og tenestetilbod, gode lademoglegheiter og kort veg til natur og aktivitetar.
Alt ligg samla innan ein liten radius – perfekt for deg som treng ein pause på reisa, vil lade bilen, handle, ete eller strekke på beina før turen går vidare.

Lading og praktisk stopp i Åmot
Åmot er godt tilrettelagt for deg som reiser med elbil. I sentrum finn du både Tesla Supercharger og Kople-ladestasjon ved Vinje Vegkro. Ved Brantlandsbygget kan du lade via Eviny, like ved inngangen til handelshuset. Her finn du også Spar Vinje med varmdisk, Apotek 1, blomsterbutikken Blomen og fleire servicetilbod samla på eitt sted.

Dette gjer Åmot til eit praktisk og enkelt stopp, enten du berre treng ein kort pause eller ønskjer å bruke litt meir tid på handel, mat og aktivitetar langs vegen.

Handel og tenester i Åmot
I Åmot, handelsentrumet i Vinje, finn du både kjende kjedebutikkar og sjølvstendige nisjebutikkar med personleg preg. Her ligg butikkar som Sport 1 , Jernia , Elkjøp, Coop Extra, Spar, Vinmonopolet og Apoteke samla sentralt i sentrum.

Du finn også mindre butikkar med spanande utval innan interiør, garn og tekstil, dameklede, undertøy, sko og vesker. Nisjebutikk med eige designa kofter, handverk og lokalproduserte varer som gir handleopplevinga eit meir personleg preg.

I tillegg finn du viktige tenester som bilverkstad, hovudstasjon for redningsbil, legevakt og bemanna bensinstasjon med matservering.

Les meir om handel- og tenestesentrum her.

Overnatting nær Åmot sentrum
I Åmot finn du fleire sentrumsnære overnattingsstader som tek imot både vegfarande og feriegjester året rundt. Dette er eit godt alternativ dersom vêret over fjellet blir dårleg, turen blir litt for lang eller du ønskjer ein pause før vidare reise.

Groven Camping & Hyttegrend ligg sentrumsnært og tilbyr både velutstyrte hytter, enkle campinghytter og godt tilrettelagde campingplassar. I sommarsesongen kan du nyte pizza og uteservering i rolege omgjevnader, medan borna kan utforske leikeplass, badedam, sykkelløype og møte geitene på området. Dette er ein plass heile familien kan trivast.

Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend ligg om lag to kilometer frå sentrum, med gangveg heile vegen. Her finn du eit rolegare og meir naturbasert opphald med sjølvinnsjekk, nærleik til fossen og gode moglegheiter for å nyte naturen i fred og ro.

Les meir om overnattingsmogleghetane i Åmot her.

Turstiar og aktivitetar i Åmot
Åmot har fleire lett tilgjengelege turstiar dersom du ønskjer å strekke på beina under reisa. Turstien Fløtarvegen ved Hyllandsfoss er ein kultur- og natursti som tek deg tett på fossen og historia om tømmerfløyting og industri i området. Kombinerer du turen med Steimerre får du ei flott rundløype med litt stigning og fine utsiktspunkt.

Kappelnuten og Fonnlinuten ligg berre eit steinkast frå sentrum og gir flott utsikt over Åmot og landskapet rundt.

For familiar og dei som ønskjer ein rolegare tur kan Ormetjønn vere eit fint alternativ. Rundløypa går langs tjernet og området har både badeplass, flytebrygge og fine rekreasjonsområde.

Les meir om opplevingar og aktivitetar her.

Mat langs E134 i Vinje
Etter mange timar på vegen kan det vere godt med ein pause og litt mat. I Åmot sentrum finn du fleire alternativ, mellom anna Vinje Kro, Vinje pizza & Grill og Yx Vinje Servicesenter med matservering.
I sommarsesongen kan me også anbefale ein stopp på Groven Camping, der du kan nyte pizza i rolege omgjevnader medan borna leikar eller utforskar området rundt.
Eit stopp på Mjonøy Bakeri & Camping er nærast obligatorisk for mange som reiser gjennom Vinje. Det tradisjonsrike steinovnsbakeriet er kjend for gjærbaksten sin og har blitt ein populær stoppestad langs E134. Her finn du også handverksutstilling, tursti og overnattingsmoglegheiter. I sommarsesongen tilbyr dei utvida servering med blant anna Mjonøyburger og elgpita.

Les meir om mattilbodet i Åmot her.

Ofte stilte spørsmål:

Kvar kan ein lade elbil i Åmot?
Du finn Tesla, Kople og Eviny-lading fleire stader sentralt i Åmot sentrum.
Er det aktivitetar for born i Åmot?
Ja, mellom anna sykkelløype, turstiar, badestrand og fleire familievenlege område.
Finn eg overnatting nær sentrum?
Ja, både Groven Camping og Hyllandsfoss Camping ligg nær Åmot sentrum.
Kvar kan ein ete langs E134 i Vinje?
Du finn fleire alternativ i Åmot sentrum, som Vinje Kro, Vinje Pizza og Grill og YX. I tillegg til Groven Camping og Mjonøy.

 

Sjå foto og videoar

Les meir

Vinjesenterte, museumsinfomasjon, bilete av Haldis Moren Vesaas

Opplev kultur-Vinje

Damer på shopping i Åmot

Eit naturleg stopp langs E134 – opplev Åmot i Vinje

Wooden archway at campsite entrance with a sign reading Groven Camping; blue sky above, Norwegian flag visible.

Langhelg og sesongopning på Groven camping!