Praktisk informasjon

Sentrumsnære Kappelnuten byr på utsikt over Åmot, og er på det aller flottaste ved solnedgang. Ynskjer du eit vidare utsyn kan du fylgje den merka stien vidare til Fonnlinuten (650 moh).

Kappelnuten ligg berre om lag 600 meter frå sentrum i Åmot, og er ein nydeleg liten topp med panoramautsikt over bygda. Dette er ein flott stad å ta innover seg utsynet over sentrum – eller nyte ei fargerik solnedgang på stille sommarkveldar.

Ein fin liten beinstrekk for deg som ladar elbil i Åmot og vil nytte ladetida til ein kort, sentrumsnær fottur.

Frå Kappelnuten kan du enkelt følgje den tydeleg merka stien vidare til Fonnlinuten. Den herlege turen er om lag 2,7 kilometer lang, og når du når toppen på 650 meter over havet, ventar ei endå vidare utsikt over Åmot. Den korte, men bratte stigninga den siste biten får pulsen litt opp, men belønninga er vel verd innsatsen.

God tur!

Greit å vite

Lengde:  Om lag 2,7 km lang
Høgde (Fonnlinuten):  650 moh.

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Sykkelløype på Groven

Fiskevatn i Vinje

Sykkeltur til Ravnejuv