Praktisk informasjon

Sentrumsnær turveg gjennom furuskog med utsikt mot Hyllandsfossen

Ca. 1,3 km ein veg | Ca. 30 min | Lett til middels

Ja-benken – Steimerre er ein fin turveg gjennom tett furuskog, med fleire utsiktspunkt mot Hyllandsfossen undervegs.

Strekninga vart oppgradert hausten 2026 og har fått nytt grusdekke. Turvegen slyngar seg fint gjennom skogen og passar godt for deg som ynskjer ein kortare og meir overkomeleg tur nær Åmot sentrum.

Turen er merka frå Groven Camping og Hyttegrend, men kan også enkelt koplast på frå Vinjekroa i Åmot sentrum. Herfrå går du forbi Forsvarsmuseet og vidare til stistarten.

Ved Ja-benken får du flott utsikt mot Hyllandsfossen og ein naturleg stad å ta ein pause. Vidare går turvegen opp over Steimerre, med skog og kulturminne tett på ruta.

Ynskjer du ein lengre tur?

Ja-benken – Steimerre kan enkelt kombinerast med Fløtarvegen. Då får du ein rundtur som tek deg tett på Hyllandsfossen og kulturhistoria langs elva, før du kjem tilbake gjennom furuskogen over Steimerre.

Vil du forlenge turen ytterlegare, kan du halde fram mot Hyljås, der du får utsikt over Hyllandshylen og mot Vehuskjerringa.

Eit rolegare alternativ

Dersom du ynskjer å unngå dei brattare partia på Fløtarvegen, kan du i staden følgje gangvegen mellom Hylland og Åmot. Det gjev ein rolegare og enklare veg tilbake, og gjer det lett å tilpasse turen etter form og behov.

Greit å vite

Lengde:  1,3km ein veg / 2,6km t/r
Tid:  ca 30min ein veg / 1 time t/r
Vanskeleghetsgrad:  Lett til middels
Turtype:  Tur/retur, kan kombinerast til rundeløype
Underlag :  Grusa turveg
Start :  Groven Camping /tilkomst frå Åmot sentrum
Merking :  Groven camping / Leirli bru
Parkering :  Grove camping eller Åmot sentrum

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Furufjell – lett fjelltur med vid utsikt

Fløtarvegen- Kultursti langs Hyllandsfoss

Bibliotek og Utstyrsbank i Åmot