Praktisk informasjon

Opplev Vinje frå sykkelsetet på ein variert rundtur gjennom bygdeliv, kulturlandskap og fjellnatur. Ruta går frå Åmot via Øyfjell og Rauland før ho følgjer Totak tilbake mot Åmot igjen.

Turen passar godt både for elsykkel og vanleg sykkel, anten du ønskjer ei roleg dagstur med gode stopp undervegs eller ei lengre treningsøkt. Langs ruta finn du både bratte parti, rolege strekk og flott utsikt over vatn og fjell.

Fine stopp undervegs

Langs ruta finn du fleire fine stopp der du kan ta ein pause og oppleve litt meir av bygdelivet i Vinje.

  • Straumebui i Øyfjell – ei lita nisjebutikk langs vegen med lokal sjarm og utval
  • Fagerstrandsand på Rauland – populær badeplass med gode badetemperaturar om sommaren
  • Lega gardsysteri og bakeri – lokalmat, bakst og gode smakar på Rauland
  • Nyt utsikta langs Totak på vegen tilbake mot Åmot
  • På Hylland syklar du gjennom ope kulturlandskap med gardar, beitedyr og utsyn mot Hyllandshylen

Ruta går hovudsakleg på asfalt og grusveg, med fleire fine stader for pause, bading eller noko godt å ete undervegs.

 

Greit å vite

Lengde:  Om lag 50 km
Fine stopp:  for mat, kultur, bading og pausar undervegs
Terreng:  Variert terreng med både lengre stigningar og rolege parti

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Vinje rundt- kunst, kultur og landskap

Kulturvandring Mjonøy – Smørklepp

Smiling woman presenter standing behind a wooden display case with Danish flags, in a gallery with informational boards on the walls and visitors watching.

Vinjesenteret