Sentrumsnær rundtur for heile familien
Ca. 3 km rundtur | Ca. 1 time | Lett
Midt i Åmot finn du Ormetjønn – eit lett tilgjengeleg og familievenleg turområde med skog, vatn og fleire små avstikkarar for å utforske undervegs.
Me anbefalar å starte rundturen ved brua ved Dalsvegen/Fv38. Parker gjerne bak Fristadsenteret og følg gangvegen ned mot brua. Etter brua tek du stien inn til høgre og følgjer elva vidare.
Rundløypa går hovudsakleg på brei skogs- og turveg. Langs ruta finn du fleire skilta avstikkarar på smalare naturstigar, mellom anna til tuftene etter gamle husmannsplassar og Trolldomssteinen.
Ved Ormetjønn ligg også ei barnevenleg badestrand med leikeapparat, benkar og langgrunn strand. For dei meir symjedyktige er det brygge med stupetårn.
Løypa passar også fint for sykkel dersom du likar litt variert terreng. Om vinteren blir delar av området nytta som lysløype for langrenn.
Skal du til badestranda, anbefalar me parkering ved helsesenteret.
Visste du at?
Ormetjønn har ikkje tilførsel frå bekk eller elv. Auren gyter på varme oppkom i tjernet – eit ganske spesielt fenomen. Dei varme oppkoma gjer også at vatnet raskt kan få ein behageleg badetemperatur om sommaren.