Praktisk informasjon

Familievenleg rundtur med utsikt over Hyllandshylen og Vehuskjerringa

Ca. 1,5 km rundtur | Ca. 45 min | Middels krevjande

Hyljås er ein kort og fin rundtur som startar ved Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend, om lag 2 km frå Åmot sentrum.

Følg den raudmerka stien frå campingplassen. Turen går hovudsakleg gjennom skogsterreng og har noko stigning. Enkelte parti går over berg, medan andre delar følgjer breiare sti og veg.

Om lag halvvegs i rundturen kjem du til eit utkikkspunkt med utsikt over Hylland, Hyllandshylen og mot Vehuskjerringa. På stille sommardagar kan fjella og kulturlandskapet spegle seg i vatnet. Her finn du også postkasse med trimbok i regi av Vinje IL.

Mot slutten av rundturen ligg ein gapahuk som er open for alle – ein fin stad for ein liten pause før turen går tilbake mot utgangspunktet.

Ynskjer du ein lengre tur?

Hyljås kan kombinerast med turvegen via Steimerre, Ja-benken og Fløtarvegen. Det er også gangveg frå Hyllandsfoss camping til sentrum.

Ved Hyllandsfoss Camping ligg også badstoga Spegle, dersom du vil avslutte turen med badstoge og eit friskt bad i Hyllandshylen.

 

Greit å vite

Lengde: ca. 1,5 km rundtur
Tid: ca. 45 minutt
Vanskegrad:: Middels krevjande
Turtype: Rundeøype
Underlag : Skogssti, berg og noko breiare sti og veg
Parkering : Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend
Start : Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend
Merking:: Skilta og raudmerka sti

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Fiskevatn i Vinje

Vinje rundt- kunst, kultur og landskap

Two cyclists, a woman in a pink shirt and a boy in a blue shirt, ride bikes on a sunny, winding country road with greenery around.

Sykkelrunden Åmot – Øyfjell – Rauland