Praktisk informasjon

Ei reise i natur, tradisjon og arkitektur i grannelaget vårt.

Start turen i Åmot med ein kopp kaffi eller ein tur innom butikkane før vegen går vidare mot Dalen og Ravnejuv – eit spektakulært utsiktspunkt med 350 meter rett ned i Tokkeåi. Slepp eit lauv utfor kanten og sjå vinden føre det tilbake opp att.

På vegen vidare mot Dalen kan du ta turen innom Telemarkssylv og smia til Ingrid, der tradisjonelt handverk framleis står sterkt. Her blir det laga bunadssylv, smykke og handgravering i ulike metall.

I Dalen ventar både små nisjebutikkar, kanalbåten, Dalen brygge og det historiske Dalen Hotel. Du kan også nyte ei roleg stund i den flytande badstova Soria Moria.

Turen går vidare opp dei bratte svingane i Eidsborgberget til grenda Eidsborg. Her finn du både stavkyrkje, museum og aktivitetspark ved Vest-Telemark Museum. I Telemarkskanalen i miniatyr kan barna teste slusene sjølve.

Når dagen går mot slutten, går turen vidare via Høydalsmo og tilbake til Åmot. På Groven Camping og Hyttegrend kan de lande dagen med noko godt å ete på uteserveringa medan det knitrar frå bålpanna.

Fine stopp undervegs

  •  Ravnejuv
  • Telemarkssylv og smia til Ingrid
  • Dalen Hotel
  • Soria Moria badstove
  • Eidsborg stavkyrkje
  • Vest-Telemark Museum
  • Dalen brygge og kanalbåten

Greit å vite

Framkomst:  Bil eller sykkel
Lengde:  77 km
Tilegna:  Familievennleg bilreise, sykkel for dei sprekaste

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Diktarheimen Midtbø

Kajakk og kano – Vinjevatn

Vinje rundt- kunst, kultur og landskap