Bærsesongen i Vinje startar forsiktig i juni, med søte markjordbær langs grøftekantar og stiar. I juli finn du blåbær og bringebær i skog og mark, medan myrane i august kan vere fulle av gylne molter.
Når september kjem, er det tid for tytebær. Dei trivst godt i skog og hogstområde, og mange meiner smaken blir ekstra god etter ei frostnatt eller to.
I skogane i Vinje finn du også mange ulike soppartar. Skal du plukke sopp, er det viktig å vere heilt sikker på kva artar som er trygge å ete.
Ta med korg, kopp eller spann – og nyt turen og det naturen har å by på.
God tur!