Fiske

fisk - hiking

Fiske

I Vinje kommune finns det hundrevis av små og store vatn som til saman dekker eit areal på 250 km2.

Ein relativt kalkrik berggrunn gjer at dei fleste vatn og elvar i Vinje er blitt skåna mot verknadene av den sure nedbøren som trugar innlandsfisken over heile Aust- og Sørlandet. I dei fleste vatna har fisken god kvalitet. Rikeleg med krepsdyr på menyen gjev aure og røya det nydelege raudfarga kjøtet.

Rauland, Haukeli og Vinje har eit stort og variert tilbod til deg. Du må kjøpe fiskekort som gjeld for det vatnet du ynskjer å fiske i.

Born under 16 år kan fiske gratis – hugs gyldig legitimasjon.

Du kan kjøpe fiskekort på Inatur.

Du kan lese meir om fiske i Vinje her Fiskeguiden

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO