Praktisk informasjon

Ca. 2,9 km t/r | Ca. 1 time | Lett |

Furufjell er ein kort og lett fjelltur langs Fiskestigen, mellom Åmot og Øyfjell. Turen passar godt for deg som vil ha ei flott naturoppleving utan å bruke heile dagen på tur.

Stien stig jamt og roleg gjennom skog og fjellterreng fram mot toppen. Den fyrste delen går gjennom myrterreng og kan vere fuktig, særleg etter mykje regn. Gode sko er difor anbefalt.

På toppen, 955 moh, opnar landskapet seg, og du får vid utsikt over fjella og bygdene rundt – mellom anna mot Vehuskjerringa. Her er det fint å ta fram nista og nyte utsynet før turen går tilbake same veg.

På toppen finn du også postkasse med trimbok i regi av Vinje IL.

Også fin om vinteren

Furufjell kan nyttast heile året. Når snoen legg seg, kan turen vere fin på trugar dersom forholda ligg til rette.

Ta vare på naturen

Området rundt Furufjell har eit rikt dyreliv, og i skogen kan du mellom anna møte storfugl som tiur og røy. Ferdast roleg, følg den merka stien og gje dyr og fuglar god plass.

Hugs at den ordinære bandtvangen gjeld frå 1. april til 20. august. I Vinje er det i tillegg utvida bandtvang i utmark der bufe beiter, fram til 10. oktober.

Hausten er også jaktsesong. Under elgjakta frå 25. september kan det vere meir aktivitet i området, særleg dei fyrste helgene. Bruk gjerne synlege klede og vis omsyn til både jegerar og vilt.

Greit å vite

Lengd:  Ca. 2,9 km tur/retur
Tid:  Ca. 1 time
Vanskegrad:  Lett
Turtype:  Tur/ retur
Start :  Mjåvatn langs Fiskestigen, mellom Hylland og Øyfjell
Merking:  Raudmerka tursti
Parkering :  Liten parkering ved stistart. Alternativ parkering ved stistart Jønnardalen/ Vehuskjerringa., om lag 200m retning Hylland

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Bær og sopp

Kajakk og kano – Vinjevatn

Badstue laget av glass på gammel steimur i vannet, naturskjønne omgivelser.

Badstoge på Hyllandshylen