Praktisk informasjon

Kombiner natur, kunst og gode smakar på kulturløypa mellom Mjonøy og Smørklepp kunstmuseum.

Natur, kunst og kulturhistorie langs same tur

Ca. 4 km rundtur | Ca. 2 timar | Middels krevjande

På kulturvandringa mellom Mjonøy og Smørklepp møtest natur, kunst og kulturhistorie.

Turen startar ved Mjonøy langs E134 mellom Åmot og Haukeli. Herfrå følgjer du den merka rundturen langs elva og vidare opp mot Smørklepp.

Stien går gjennom lett skogsterreng med noko stigning. Undervegs passerer du fossefall, kulpar og eit canyonliknande landskap. På varme sommardagar kan Kleivastøylhylen vere ein fin stad for eit bad.

Vidare går turen gjennom skogen til Smørklepp kunstmuseum. Museet er vigd kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle, som begge henta mykje inspirasjon frå naturen og folkelivet i Telemark.

Rundturen fører deg tilbake til Mjonøy, der du i sommarsesongen kan avslutte turen med mat eller fersk bakst frå kafeen og bakeriet.

Visste du at?

Henrik Sørensen tilbrakte rundt 40 somrar på Smørklepp. Her fann han mykje av inspirasjonen til bileta sine i naturen og folkelivet rundt seg.

Les meir om Mjonøy Bakeri og camping.
Les meir om Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle

Greit å vite

Lengde:  ca. 4km rundtur
Tid:  ca. 2 timar
Vanskegrad:  Middels krevjande
Turtype:  Rundløype
Start :  Mjonøy, langs E134 mellom Åmot og Haukeli
Parkering:  Mjonøy
Merking:  Merka rundløype
Underlag :  Skogsti, noko parti med grusa veg og asfalt.

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Kappelnuten i Vinje

Kappelnuten og Fonnlinuten

Kajakk og kano – Vinjevatn

Turvegen Ja-benken/ Steimerre