Praktisk informasjon

Bading, leik og mosjon på Vinjehuset

På Vinjehuset i Åmot finn du eit 25-meters symjebasseng med barnebasseng, badstoge og god plass til både leik, mosjon og ei roleg stund i vatnet. Eit fint alternativ på dagar der vêret ikkje inviterer til uteaktivitetar.

Bassenget har fem symjebanar og stupepallar, og er 1,8 meter på det djupaste. For dei minste er det eige barnebasseng med god temperatur.

Temperatur

Måndagar er bassenget ekstra varmt på grunn av varmebading, med rundt 33 grader i vatnet. Utover veka blir temperaturen gradvis lågare, ned mot ca. 28 grader på torsdag. Laurdag ligg temperaturen vanlegvis rundt 30 grader.

Barnebassenget held mellom 30 og 33 grader.

Betaling og booking

Det er gratis inngang for barn og unge opp til 20 år.

Symjebassenget er eit populært tilbod, og ved stor pågang kan det vere lurt å bestille billett på førehand via Vinjenett.

Kjøp billett på nett.

Opningstider i høgtider og feriar blir annonserte på heimesida til Vinje kommune.

Greit å vite

Adresse:  Raulandsvegen 60, 3890 Vinje.
Stengd:  Mellom 1. juni og 31. august

Åpningstider

Måndag :  Kl. 17.20 - 19.30 - Varmebading for vaksne
Tysdag - Fredag :  Kl. 17.00 - 21.00 - Alle. (Etter kl. 19.00 må barn under 16 år ha med seg ein vaksen).
Laurdag:  Kl. 11.00 - 15.00 - Alle.

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Stolpejakt med ei trimpostkasse utsikt vehuskjerringi

Stolpejakt i Vinje

Sykkeltur til Ravnejuv

Diving platform on a wooden dock extending over a calm lake with a forested shore and bright sun in a blue sky.

Badeplassar i Vinje – våre beste tips til bading i sommar