Praktisk informasjon

Opplev ei stor reise i litteratur, kunst, lokale smakar og natur på ein liten biltur! Langs ruta finn du kulturhistoriske stopp, gamle gardstun, lokalmat, kunst og landskap som har inspirert nokre av dei største kunstnarane og forfattarane i landet.

Fine stopp undervegs

Groven Camping og Hyttegrend

Start gjerne turen på Groven Camping og Hyttegrend. Her finn du eit tun med gamle hus frå området, overnatting med særpreg og uteservering ved elva.

Midtbø

På husmannsplassen Midtbø budde forfattarparet Halldis og Tarjei Vesaas. Staden og landskapet rundt sette spor i fleire av dikta og bøkene deira. Midtbø er ope for besøkande i turistsesongen.

Vinje Bryggeri

I Bøgrend kan du ta turen innom Vinje Bryggeri og smake lokalbrygga øl med namn og historier henta frå lokal kultur og tradisjon.

Vinjesenteret og Vinjestoga

Ved Vinjesenteret ligg Vinjestoga – barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje. Her kan du oppleve historia til diktaren og journalisten som var med på å forme landsmålet.

Lokalmat og små stopp

Før turen går vidare mot Smørklepp kan du svinge innom Vinjesvingen Handel og kjøpe med deg lokalmat og småvarer frå området.

Mjonøy

Mjonøy er kjend for fersk gjærbakst frå steinomn, lokalmat og eit tun fylt med gamle hus, kunst og handverk. Her kan du nyte rolege omgjevnader ved elva eller overnatte i tradisjonelle Telemarkshus og hytter.

Smørklepp Kunstmuseum

På Smørklepp Kunstmuseum kan du oppleve kunst av Henrik Sørensen og Harald Kihle – omgjeve av landskapet som inspirerte fleire av verka deira.

Når dagen går mot slutten, går turen tilbake til Åmot – med nye inntrykk frå bygdeliv, kunst, natur og kultur langs vegen.

 

Greit å vite

Lengde:  15 km
Passar for:  Familiar, vaksne og dagsturar i eige tempo
Type tur:  Familievenleg rundtur med bil
Opplevingar :  Kunst, litteratur, lokalmat, kulturhistorie og bygdeliv
Mat og servering:  Kafé, bakeri og lokalmat langs vegen
Sesong:  sommarsesongen

Sjå kva du kan oppleva

Reisa hit

Les meir

Diktarheimen Midtbø

Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle

Smiling woman presenter standing behind a wooden display case with Danish flags, in a gallery with informational boards on the walls and visitors watching.

Vinjesenteret