Search

Ormetjønn

Midt i sentrum ligg Ormetjønn, eit triveleg turområde for heile familien med rundløype og barnevenleg badestrand.

Aktivitetsinformasjon

Sesong:  Sommer, Vinter

Midt i sentrum ligg Ormetjønn, eit triveleg turområde for heile familien med rundløype og barnevenleg badestrand. Skogsvegen som kransar vatnet er om lag 3 km lang, med skilta avstikkarar som mellom anna tek deg med til tuftene av gamle husmannsplassar – og Trolldomssteinen. Vågar du deg forbi?

Løypa kan også vera fin på sykkel, om du likar litt terreng. Vinterstid gjeng ljosløypa for langrenn her.

Visste du at Ormetjønn er eit tjern utan tilgang til bekk, og at auren gyter på varme oppkom? Ganske unikt! Det gjev også badetemperaturar dei fleste kan like.

Sjå kva du kan oppleva