Fløtarvegen

flotarvegen

Fløtarvegen

Gå i fotspora til tømmerfløterane langs Hyllandsfoss, og sjå dei massive steinmurane som blei bygd for å leie tømmer ned elva då den gjekk for fullt. Her har det vore aktivitet i hundrevis av år. Det er nesten så ein kan høyre tømmerfløterane rope over bruset frå elva, hammarslaga til smeden, og jubelen då kraftverket gav straum til gardane på Hylland. Her er også spor av møllene, der kornet blei male for å brødfø familiane i grenda.

Stien er om lag 1,2 km lang, og kan gjerne kombinerast med andre nærliggjande turstiar. Pakk sekken med lunsj og badetøy og nyt dagen!

Kulpen er ei badeperle langs elva, kor vinbygjane i generasjonar har bruka berghylla til springbrett.  X´en er ein annan populær badeplass langs elva, og med den karakteristiske flate steinen er den perfekt til piknik. Hugs berre på at elva no er regulert, og at straum og vassmengde kan variere – så sjå forholda an og ver varsam!

Ynskjer du å gå litt lengre kan du til dømes leggje ruta om Hyljås. Denne fine turstien på om lag 1,5km fører deg til eit utkikkspunkt med flott utsyn over Hyllandshylen, og med med majestetiske Vehuskjerringa på 1356 moh kvilande i bakgrunnen. 

Facebook
Twitter
E-post
Print
nn_NO