Natur, ro og nærleik
Hyllandsfoss Camping ligg vakkert til i frodig natur, med skog, vatn og stillhet – og likevel berre få minutt frå butikkar, servering og aktivitetar i Åmot. Her får du både ro og enkel tilgang til alt du treng.
Overnatting
Plassen har:
- 2 velutstyrte heilårshytter
- 8 enkle campinghytter
- 30 plassar for telt, bubil og campingvogn. Det er straumkapasitet til om lag 15 einingar.
- Moderne sanitæranlegget med handikaptoalett, kjøkken og vaskerom
Enkel sjølvinnsjekk
Campingplassen har sjølvinnsjekk – parker, skann QR-koden og betal opphaldet direkte via mobilen.
Det er ikkje mogleg med forhåndsbooking av campingplass eller enkle campinghytter.
Opplevingar frå plassen
Frå Hyllandsfoss har du direkte tilgang turstiane Fløtarvegen og Hyljås, med utsikt, elv og skog på vegen. Me anbefalar også å oppleve den populære, vedfyrte badstoga hjå Spegle.
Badstoga ligg som vår næraste nabo. Den er mykje i bruk, så me anbefalar å reservere på førehand via spegle.no.
Velkomen til Hyllandsfoss
Her ventar ekte natur, stillhet og gode opplevingar – heile året.







