Praktisk informasjon

Ei heilt unik overnatting og badstogeoppleving der naturen får hovudrolla – tett på Hyllandsfossen.

Spegle Hyllandsfoss tilbyr eit unikt hotellrom i skogen og vedfyrt badstoge i spektakulære omgjevnader ved Hyllandsfossen i Vinje. Her bur du tett på natur og dyreliv, omkransa av fjell, skog og vatn – med ro, stillhet og kvilepuls i fokus.

Hotellrommet  er bygde med glasveggar som speglar landskapet rundt og gir ei heilt spesiell kjensle av å vere ute og inne på same tid. Rommet har god seng for to personar, bad og kjøkenkrok. Når du bur i hotellrommet, har du reservert bruk av badstova på kveldstid frå kl. 19.00.

Badstova, Fløtarhuset, står på ein gamal historisk mur og speglar seg i vatnet og har god tilrettelegging for ein forfriskande dukkert i Hyllandshylen heile året. Badstova er vedfyrt og har plass til 2–3 personar. Ho kan bookast i 2-timars opphald gjennom heile dagen, frå kl 9 -19. For ledig kapasitet tykk her. Dette er eit populært tilbod, så det er lurt å vere tidleg ute med booking.

Ynskjer du å nytte badstova etter kl. 19.00, kan du ta direkte kontakt med Spegle. Dersom det ikkje er gjester i hotellrommet, let dette seg som oftast løyse.

Spegle Hyllandsfoss eignar seg særleg godt for ei stemningsfull overnatting for to, der ro, stillhet og ei større naturoppleving står i sentrum. Opplevinga passar òg perfekt som ei gåve eller overrasking – og kan kjøpast som digitalt gåvekort.

Kontaktinformasjon​

Adresse:  Raulandsvegen 204, 3890 Vinje
E-post: post@spegle.no
Facebook: Klikk her for å sjå
Instagram: Klikk her for å sjå
Booking: Klikk her for å sjå

Sjå kva du kan oppleva

Les meir

Hyllandsfoss Camping og Hyttegrend

Three people—two women and a boy—sit on a wooden bench outside a log cabin, sharing snacks with a bicycle leaning nearby.

Groven Camping & Hyttegrend

Mjonøy Bakeri & Camping