Laurdag 22. august vart Vinjedagen arrangert for 44. gong. Med sol frå blå himmel, over 50 standplassar og aktivitetar gjennom heile dagen vart det ein triveleg og innhaldsrik marknadsdag i Åmot.
Marknaden heldt i år til mellom handelshusa Fristadsenteret og Bratlandsbygget. Her kunne dei besøkande rusle mellom over 50 standplassar med eit variert utval av varer, mat, informasjon, bilar, maskiner og aktivitetar.
For dei yngste var det mykje å finne på. Hoppeslott og riding var populære innslag, og nødetatane kom på besøk med både Bjørnis og Ambulotta i spissen. Bruse hadde si eiga kvissløype rundt på marknaden – og tok sjølvsagt også turen innom sjølv.
Eit spesielt innslag under årets Vinjedag var besøket av verdsmeister i motorsagskjering, Oliver Vogt. Gjennom dagen forma han skulpturen av Torvild frå Vinjesoga. Figuren skal seinare bli ein del av historieforteljinga langs Fløtarvegen, der historia om Torvild og Gunnhild skal få nytt liv langs turstien.
Bil og motor var også godt representert, med fleire bilforhandlarar og leverandørar av køyretøy, dekk og landbruksutstyr på plass.
Og ein Vinjedag er sjølvsagt ikkje heilt komplett utan mat. I tradisjonens tru serverte Vinje sanitetslag feitegraut, medan det også var mogleg å kjøpe mellom anna thaimat og andre godsaker frå marknaden.
Det skjedde mykje også utanfor sjølve marknadsområdet. Hos Silkevippa vart det arrangert gjenbruksfest, medan Vinjecupen samla fotballspelarar og publikum på Åmot stadion. På kvelden vart dagen avslutta med Vinjedagsfest på Vinjehuset, der The Boots Band spela opp til dans.
Takk til alle utstillarar, aktørar, frivillige og besøkande som var med på å skape ein flott Vinjedag i Åmot. Me gler oss allereie til neste gong!



