Velkomen til Vinjedagen i Åmot sentrum – laurdag 22. august
Frå kl. 10.00 blir Åmot sentrum fylt med salsbodar, utstillarar, aktivitetar, underhaldning og gode tilbod i butikkane. Det blir også Vinjecup på Åmot stadion.
Når kvelden kjem held feiringa fram med fest og levande musikk frå The Bootsband på Vinjehuset.
Vinjedagen er ein sosial og triveleg marknadsdag midt i hjartet av Åmot – velkomen!
Dette skjer under Vinjedagen:
🎪 Marknadsdag med salsbodar og utstillarar
🛍️ Gode tilbod i butikkane
🎶 Underhaldning og aktivitetar gjennom dagen
👨👩👧 Aktivitetar og leik for born
⚽ Vinjecup på Åmot stadion
🎵 Fest med levande musikk på Vinjehuset om kvelden
🌿 Lokale aktørar, organisasjonar og tilreisande utstillarar
Ynskjer du standplass under Vinjedagen?
Me ynskjer både lokale aktørar, lag, organisasjonar og tilreisande utstillarar velkomne til marknadsdagen i Åmot sentrum.
Standplass er gratis.
Ved behov for straum gjeld følgjande prisar:
🔌 16A – 200 kr
🔌 32A – 400 kr
📅 Frist for påmelding: måndag 1. august
Påmelding
Påmelding skjer på e-post til:
I e-posten må du opplyse om:
- kva du skal selje
- kor stor plass du treng
- om du treng straum
- kor mykje straum du treng
Kontakt
Elin Hommo
📞 +47 971 51 151
✉️ vinjedagen@gmail.com
Signe Marie Kittelsaa
📞 +47 958 97 895
✉️ vinjedagen@gmail.com