På dagtid hadde me aktivitetar som bygdekviss i naturstiform for heile familien, oppkøyring på John Deere traktor for dei minste og lasertag med NorsjøFun, der alle såg ut til å vere populære. På scena var det underhaldning og politisk holmgang.
Mange flotte utstillerar, og mykje forskjellige varer å få kjøpt og sjå på. Gode tilbod i dei lokale butikkane.
I anledning jubileumsåret så arrangerte me Åmot sin fyrste store utekonsert, med sjølvaste Vassendgutane.
Som oppvarming hadde me Bingokongen, med sitt moderne bingospel. Begge delar var særs godt tatt i mot av alle som tok turen. Ekstra moro var det når me kunne ta i bruk det gamle billagsbygget som festlokale.