Samstundes vil me ynskje dykk ein god og trygg kveld, med ei liste gode råd frå Vinje kommune;
- Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid, og finn ein høveleg stad
- Les bruksanvisninga nøye før bruk
- Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
- Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
- Bruk beskyttelsesbriller og tennstav
- Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og koma deg på trygg avstand
- Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk
- Hald god avstand til oppskytinga
- Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
- Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal bli returnert til forhandlar
God nyttårsfeiring!