Search

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Vinjesenteret inviterar til markering av årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, den 6. april!

Program frå kl. 13.00:

Vinjestoga – i bruk i 200 år
I 2024 er det 200 år sidan Olav Plassen og familien flytta inn i Vinjestoga. Dette vil me feire med ei omvising i Vinjestoga av Aasmund Nordstoga, med påfølgjande kake og kaffi på Vinjesenteret.  

Å fortelje med nål og tråd…
Kan ein kombinere broderi som handverkstradisjon og nynorsk litteratur? Og kan forteljinga om Storegut formidlast på nye måtar? Ja! 

Vinje Handverkslag, i samarbeid med Vinjesenteret, vil informere om broderiprosjektet Vinjerevla denne dagen. Ordet ‘revle’ kjem av norrønt, ‘refill’, og tyder ei lang smal strimmel av tøy. Frå juni 2024 vil det vere mogleg for besøkande å delta på brodering av den 11,5 meter lange revla basert på diktsyklusen «Storegut» av Aasmund Olavsson Vinje.

Me går i samla flokk frå parkeringa utanfor Vinjesenteret opp til Vinjestoga.

Velkomen til ei feiring av A.O. Vinje sitt liv og diktarskap!

Sjå meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Les meir

17. Mai feiring!

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir