Search

17. Mai feiring!

Skjorta er stroke, bunaden rensa, skoene og sylvet pussa – og vips var både liten og stor klar for den store dagen!

Dei minste borna fyller opp dei vesle lommebøkene sine med myntar nok til å ete is heile dagen. Mor og far gler seg til suppa, bestefar kan ikkje vente med å få fatt på kakebordet. Storebror er kjempespent på om han klarar å slå ned alle spikrane i stubben, han har tross alt øva nokre dagar i forkant heime på tunet. Storesyster kan nesten ikkje vente, ho er så nysgjerrig på kva ho finn i fiskedammen i år. Besta som eigentleg kunne tenke seg å sitje ned med ein kaffekopp og kakestykke som bestefar, ho har dårlegast tid av dei alle, og blir som ein sprettball mellom alle barnebarna. 

Ein moro dag for heile familien, og aller best er 17.mai på bygda!
Under ser du program for Åmot, Øyfjell og Vinjar.

Sjå meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Les meir

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir