Search

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Frå og med laurdag 15. juni kan du oppleve mykje moro på Vinjesenteret.
  • Få omvising i Vinjestoga! Kvar dag fram til sesongslutt 15. august tilbyr me omvising i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje.
  • Vandre i Fantasihagen! 2. klassingar frå Vinje kommune har teikna til bøker av Vegard Markhus, Maria Parr og Kari Stai, og teikningane står utstilt utanfor Vinjesenteret.
  • Oppleve Undreskogen! Biblioteket på Vinjesenteret blir gjort om til eit aktivitets- og opplevingsrom denne sommaren! Her kan du krabbe, lese, hoppe, leike og leite! Meir informasjon om Undreskogen kjem.
  • Jakte stolpar! Det vil kome 3 stolpar rundt Vinjesenteret. Registrer deg på stolpejakten.no og ver med på jakta i Vinje kommune!
  • Brodere Storegut! Prosjekt Vinjerevla, i samarbeid med Vinje handverkslag, startar denne sommaren i kjellaren på Vinjesenteret. Her kan DU vere med å formidle forteljinga om Storegut av Aasmund Olavsson Vinje – med nål og tråd!
    Laurdag 15. juni kl. 15. kan du helse på teiknar Tarjei Østrem Svalastog og broderigognmakar Olav Rui. Vinjerevla vil vere open for besøkande torsdag–sondag kl. 11.30-14.00 gjennom sommaren.

    Velkomen!

Sjå meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir

17. Mai feiring!

Les meir

Feiring av Aasmund Olavsson Vinje

Les meir

Foto: Luke Tennant

Påskeferie i Vinje! 🐣

Les meir