Litteraturdagane 26.-29. september 2024

Velkomen til Litteraturdagane i Vinje 2024! Med årets tema KRAFT, byr Vinjesenteret på eit variert og spennande program frå torsdag kveld til sundag ettermiddag!

Her blir du kjent med forfattarskapen til Aslaug Vaa ved professor og litteraturvitar Jan Inge Sørbø, dikt og spel ved Stein Versto og Per Anders Buen Garnås, Monica Goksøyr i samtale med Olaug Nilssen som skal snakke om driv og kraft bak og i novellesamlinga «Slemme jenter», Odd Nordstoga skal presentere den nye boka si «Spelemann» i samtale med arenaleiar på Vinjesenteret, Yngve Knausgård. I tillegg til dette vert det lokal mat, diktarpub og utdeling av Storegutprisen 2024.

Prisen går til journalist, radioprofil i NRK P3 og programleiar Arianrhod Engebø (f. 1994). Programleiar er leiar for Storegut-juryen, Aasmund Nordstoga.

Sjå programoversikt og lenke til billettar i kalenderen vår her, eller gå til festivalen si heimside her. 

Skulle du trenge overnatting denne helga, så har me koselege campingplassar for bubil/campingvogn og hytter.

 

 

 

Framsidebilete frå Litteraturdagane 2022. Foto: André Nesheim/ Nynorsk kultursentrum

Sjå meir

Haustferie i Vinje!🍂

Les meir

Utvida bandtvang i Vinje

Les meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Les meir