Vinje Næringslag inviterar små og store, skuleklasser, venngjengar, familiar, bedrifter og lag til å vere med i årets pepperkakebygd i Åmot sentrum. Frå 29. november kan du levere ditt bidrag – og lands veks fram mot jol!
Oppstart: Frå fredag 29. november
Frist for innlevering: 20. desember
Innleveringstad og utstilling: Draumheim, Fristadsenteret i Åmot
Kåring av vinnarar: 31.desember
Born og ungdom
Familiar
Bedrifter og lag
Alle som har lyst til å spre joleglede og kreativitet!
Huset må vere laga av pepperkake (heimelaga eller ferdigdeig går fint)
Pynt skal vere spiseleg
Maks størrelse på grunnflate: 40 x 40 cm
Lever huset ferdig pynta
Merk bidraget med namn, kontaktopplysningar og tittel på huset
Jury sett saman av representantar frå Vinje Næringslag og lokale samarbeidspartnarar.
1.plass 4000kr
2.plass 2000kr
3.plass 1000kr
Pepperkakehusa blir stilt ut i vindauge på Draumheim, Fristadsenteret. Slik at alle kan sjå den stemningsfulle pepperkakebygda ta form når dei handlar til jol.
Bli med og lag ei kreativ og fin pepperkakebygd saman med oss – kanskje dette kan bli vår nye joletradisjon!